Nei til Klomsætifisering

Advokaten Sigurd Klomsæt tar nå opp igjen saka for ein straffedømt i ei av dei grusomste barnedrapssakene i Norden. Dette burde dei pårørande til dei drepne vore sparte for.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Jan Kløvstad

Foto: Venstre

Vi ser stadige teikn til underleg dømmekraft hos advokatar som Staff og Klomsæt, advokatar som ofte søker spekulative oppdrag. Det er dei i sin fulle rett til. Dei har ytringsfridom. Vi andre er også i vår fulle rett til å advare mot denne tabloidiseringa, – denne Klomsætifiseringa av norsk rettvesen.

La saka ligge, advokat Klomsæt, i respekt for dei pårørande. Dei har det vanskeleg nok. La dei få fred.

Jan Kløvstad

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**