Alltid klare svar, men store sprik i Frp

Frp og Torbjørn Andersen har spesialisert seg på å vere anten absolutt for eller absolutt mot ei og same sak i rask rekkefølge. Det er heile tida veldig klare svar, men ja eine veka blir ofte nei andre veka og igjen ja i tredje veka. Og same om Frp er i ja-veka eller nei-veka er dei som ikkje har same standpunkt den veka anten “arrogante” eller “selvutnevnte eksperter”.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Av Jan Kløvstad, leiar i Arendal Venstre

Jorda

Foto: Microsoft

Frps Torbjørn Andersen tillegg meg mange standpunkt om biodrivstoff eg aldri har vore i nærleiken av i eit lesarinnlegg i Agderposten 14. mai. Men det gjer det vel lettare å kritisere når han først på fantasifullt vis konstruerer motpartens standpunkt? Om eg hadde vore så glad i biodrivstoff som Andersen hevdar, hadde eg vel neppe verken forsøkt å innføre naturgasstankar for bilar i 1989, vore skuffa over Arendal kommunes innkjøp av biodieselbilar sommaren 2007, bestilt el-bil sommaren 2007, eller i lengre tid uttrykt meg svært kritisk om matjord i bruk til biodrivstoff i Brasil og andre land?

Forvirrande Frp
Svaret på klimautfordringane i transportsektoren er ikkje eitt, men mange. Mange av svara kjenner vi ikkje ennå. Mitt poeng i innlegget Torbjørn Andersen må ha lese heller dårleg, er at Frps leiande miljøtalsmenn plutseleg hevdar at dei er aleine om å vere kritisk til biodrivstoff. Men i lengre tid har partiet skrytt av at Frp-ordførarane i Tønsberg, Nøtterøy og Tjøme pressa fram biodrivstoffpumper i kommunane sine!

På nasjonalt plan går partiet sterkt inn for å kjøpe CO2-kvoter i u-land. I Arendal bystyre raljerer Frps representantar over folk som kan vere så dumme at dei trur klimakvoter har noen effekt.

Torbjørn Andersen angriper Venstres syn og hevdar at "det er et faktum at stadig flere nå stiller seg tvilende til at den globale oppvarmingen i hovedsak er menneskeskapt". Frps miljøpolitiske talsmann Ketil Solvik-Olsen seier til Aftenposten 7. mai at han trur på menneskeskapte klimaendringer. Sjølv meiner eg det korrekte må vere å snakke om menneskepåverka klimaendringar.

Torbjørn Andersen skriv at "Det er trolig helt andre faktorer enn de menneskeskapte som bidrar til global oppvarming", mens hans kollega Solvik-Olsen (Aftenposten 7. mai etter same seminar Andersen var på) seier det er feil konklusjon å klamre seg til trua på at oppvarminga skuldast naturlege variasjonar.

Aftenposten nemner i referatet frå klimaseminaret på Stortinget som Torbjørn Andersen skryt av at det var veldig tynt med Frp-representantar: "Det virket da heller ikke særlig tiltrekkende på hans partifeller. Bare tre stortingsrepresentanter fra Frp — medlemmene av energi- og miljøkomiteen — holdt ut hele tiden. En del andre var innom i perioder."

Mange vegar kan føre til målet
Venstre meiner det er mykje god miljøpolitikk i å bruke krattskog, vatnkraft, vindkraft, solenergi, fjernvarme, jordvarme og mykje meir — og å redusere så mykje vi kan av olje, gass, kol og atomkraft. Det finst ikkje ei einaste energikjelde som kan løyse alle miljø-, energi- eller klimaproblema. Vi treng meir forsking og meir utprøving i praksis. Frp har dessverre ikkje støtta Venstres mange forslag om auka forsking på fornybare energikjelder dei siste 30-40 åra. Men kanskje vi kan vere så heldige at Frp er inne i ei ja-veke same veke som Venstre gjentar noen av dei mange konkrete og konstruktive forslaga sine i kommunestyre, fylkesting og storting?

Enda eitt poeng i innlegget mitt lar Torbjørn Andersen ligge, forståeleg nok: Eg har peika på det underlege i at verken han eller Frp på noe tidspunkt har sagt noe kritisk om all jordbruksareal som blir brukt til dyrking av tobakk i staden for mat. Det var først da ein langt mindre del god matjord blei brukt til biodrivstoff at denne arealbruken plutseleg blei umoralsk for Frp! Eit underleg standpunkt, men sikkert effektivt i strategien om forvirring og dobbeltkommunikasjon.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**