Kulturen får plass i kommunetyret i Gol

Det vart ein annleis start på kommunestyre i Gol tysdag. Møtet vart opna med at Randi Dalene Bjerke, elev ved Gol Kulturskule opna med ein toraderlått.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Ordførar Olaug Grønset Granli hadde teke på alvor interpellasjonen frå Venstre om at kulturen skulle koma til syne, også i kommunepolitikken. I svaret på interpellasjonen mot slutten av møtet svara ordføraren at ho var svært positiv til innspelet frå venstre.
-I vår kvardag med fokus på utvikling i si heilheit, og med fokus på økonomi, so er det viktig å oppleva at det også er eit yrande kulturliv i Gol, sa ho i svaret sitt.

Ordføraren opplyste vidare at ho hadde vore i kontakt med kulturskulen v/rektor, og fått svært gode tilbakemeldingar på denne ideen. —Kulturskulen har allereie fått møtedatoane for kommunestyret, og ut frå dette vil det bli lagt opp ein plan, sa Grønset Granli.

Hallvor Lilleslett sa i tilsvaret sit at venstre var svært godt nøgd med det gode svaret. —Her er me allereie i gang, og det er bra, avslutta Lilleslett.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**