Skulestruktur i Vossabygda – ettertankar

Kommunestyret sluttbehandla saka om barnehage- og skulestruktur 3. april. Det blei stille i lokalavisa – inntil Høgre kome med utspel. Venstre hadde eit tilsvar i avisa 3. mai.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Etter vedtaket i kommunestyret 3. april, har det vore svært stille om saka.
Og det kan vera greitt..

Einast Høgre har funne grunn til å slå seg på brystet og hentar fram store ord om "beslutningsvegring" (Hordaland 22.04.), og med angrep på dei andre partia

Kanskje det kan vera grunn til å minna om kva som ligg i at Høgre "heldt fast ved sine standpunkt frå dag ein til siste slutt". Det inneber nemleg nedlegging av Myrkdalen, Oppheim, Bordalen, Kløve,Gjernes, Gullfjordungen og Vangen barneskular, ungdomsskulestega ved Sundve og Evanger skular. Elevane frå dei 3 sentrumsskulane og Bordalen skal plasserast i noverande Voss ungdomsskule i sentrum – etter at ny ungdomsskule er bygd på Tvildemoen.

Så innvendingar og spørsmål frå foreldre, grendelag og andre parti om ulike sider ved saka, har ikkje på eit einaste punkt nådd fram i Høgre. Og det er jo greitt å vita at Voss Høgre står for ei klar sentralisering i Voss!

Ikkje det at dei fleste andre partia på Voss — eller administrasjonen – har så mykje å skryta av i denne saka! Det tydelegaste resultatet er vel dessverre at folks tillit til administrasjon og kommunestyre har blitt markert redusert.

Så nokon kvar bør nok tenkja gjennom, og gå litt i seg sjølv, om korleis denne viktige saka har vore kjørt fram!

(For ordens skuld: Kommunestyrevedtaket inneber ingen nedleggingar til hausten, men einskilde tiltak skal greiast nærmare ut. )
Torstein Gunnarson, gruppeleiar Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**