Ny bløff frå Frp

I eit lesarinnlegg i Agderposten 30. april forsøker stortingsrepresentantane Ketil Solvik-Olsen og Tord Lien i Frp å bløffe på seg å vere dei einaste ansvarlege og framtidsretta i miljøpolitikken. Dei to hevdar Frp har vore aleine om å advare mot bruk av mat til biodrivstoff. Frp viser til aukande matvarepriser fordi mais blir brukt til drivstoff i staden for til mat. Dette er direkte frekt. Dette har jo dei fleste av oss sagt heile tida. Biodrivstoff frå mat er eit svik mot fattige menneske i verda. Vi har sagt det i Arendal bystyre,

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


i Stortinget, i kronikkar og lesarinnlegg i mange, mange år. Venstres syn har vore og er at biodrivstoff frå norsk, svensk og finsk krattskog er topp. Vi har sett på pil-produksjon i midt-Sverige frå slutten av 1980-talet, og støtta alle prosjekt for bruk av norsk skog og avfall til biodrivstoff. Venstre er ikkje aleine. Her lokalt har landbruksdirektør Leif Løhaugen, tidlegare fylkesmann Hjalmar Sunde, AT-Skogs Åsulv Løvdal og fleire andre frå skogmiljøet hatt solide artiklar og vist veg. Også andre parti og fagmiljø har i lengre tid sett problemet med mais som drivstoff, lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Jan Kløvstad nær

Foto: Arendal Venstre

4. september 2007 kunne Aftenposten fortelje at dei Frp-styrte kommunane Tønsberg, Tjøme og Nøtterøy hadde satt ned foten og truga med skifte av leverandør om det ikkje blei levert biodrivstoff. "Kort etter hadde biopumper i alle tre kommuner", fortel Aftenposten. Dette har Frp skrytt av fram til nå. I Agderposten 30. april skriv Frp: "I en tid med knapphet på mat er dette fullstendig uansvarlig, fordi vi brenner maten til verdens fattige." Ta ein telefon til Frp-ordførarane i Tønsberg, Nøtterøy og Tjøme og stopp det "fullstendig uansvarlege", Solvik-Olsen og Lien, – i staden for å tillegge oss andre standpunkt vi ikkje har.

Det er ille at jordbruksareal og mat blir brukt til drivstoff mens folk sultar. Nå blir 1% av jorda brukt til drivstoffproduksjon. Sidan midten av 1970-talet har eg og mange med meg kritisert at det mangedobbelte av verdfull jordbruksareal blir brukt til tobakksdyrking. Men det har vi aldri fått støtte frå Frp for. Det er berre nå, som 1% av jordbruksarealet blir brukt til noe som åpenbart er meir fornuftig enn tobakk at det plutseleg er "fullstendig uansvarlig".

FrP i klimaforhandlingane var ikkje først og fremst opptatt av å gjere noe anna og meir framtidsretta enn alle oss andre. Frp var opptatt av å nekte for at det er eit klimaproblem, og nekte å vere med på å løyse noe som helst. Men standpunkta til Frp skiftar frå dag til dag, ofte med særs fantasirik tolking av eigne og andres forslag og vedtak.

Det er mange gode tiltak som skal til for å gjere ein viktig innsats. Venstre er framleis villige til å vere ei seriøs drivkraft i dette arbeidet.

Jan Kløvstad
leiar i Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**