Barnas representant – ikkje viktig nok?

I handsaming av eit framlegg til reguleringsplan i Øvre Skaret på Valderøya, fremja Giske Venstre eit utsetjingsforslag for å kunne få ei uttale frå Barnas Representant.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


FNs Barnekonvensjon
Barnerepresentantordninga er ein del av den norske tilrettelegginga for å oppfylle pliktene i FNs barnekonvensjon (art. 2). Barnerepresentanten skal vere eit supplement og ei fagleg styrking av det faste planutvalet for å sikre at barn og unge sine interesser blir meir synlege.

Skog høst løv sti marka

Foto: Jan Harsem

Mykje turaktivitet
– Reguleringsplanen er i eit område med dagleg turaktivitet for barn og unge, og omsynet til desse skal vege tungt, seier Runa Godø Sæther i Giske Venstre.

Forslaget frå Venstre fall, etter at administrasjonen og leiar i Komité for tekniske saker hadde beklaga at denne glippen hadde skjedd.

– Her vart det lova bot og betring for framtida, men toget gjekk for å kome med ein uttale i denne saka, poengterer Britt Giske Andersen.

Tilrettelegging

Fleire i kommunestyret uttrykte uro over konsekvensane ei slik regulering medfører, men det vart lagt vekt på at endeleg utforming og bruk av det regulerte området skal vedtakast når det kjem ein konkret byggesøknad.

– Det vart sendt signal til administrasjonen om å ta opp problemstillingane med utbyggjar, og eg har tru på at ein får til ei løysing som alle kan leve med, seier Venstre sin representant i Komitè for Tekniske saker, Anne-Lise Roald.

Ein framtidig byggesøknad frå utbyggar medfører også krav om nabovarsel, og naboane får då høve til å kome med innspel i saka.

– Utforming, estetikk og eit godt naboskap trur eg er av interesse for alle partar. Tilrettelegging for tilkomst til turområde bør vere signaler å sende, i tillegg til tilrettelegging for arealer til leik og fritid, avslutter Godø Sæther.

Kommuneplanen

Blokk- og terrassebebyggelse er relativt nytt i Giske kommune, samstundes som ein har nokre dømer på dette allereie.

– Vi må ta ei grundig vurdering av kvar vi skal leggje til rette for slik bebyggelse, og ha klare mål for korleis og kvar dette skal utvikle seg. Dette er noko vi må ta no i rulleringa av kommuneplanen, avslutta Britt Giske Andersen, gruppeleiar i Giske Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**