Fleirtal for å opne stengsla i psykiatrien

Ein samla helse- og omsorgskomité gjekk i dag inn for Venstre sitt framlegg om at det skal leggjast til rette for at unge med tilbod innanfor borne- og ungdomspsykiatrien (BUP), også etter fylte 18 år, kan behalde behandlaren sin i dei tilfella der det er etablert eit tillitsforhold, og dei unge sjølv ønskjer det. Dette tilbodet bør kunne gjelde inntil fylte 23 år.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

 Gunvald Ludvigsen (V) vil gje personar muligheit til å få behandling av same psykolog òg etter fylte 18 år. Det tar tid å byggje tillit, hevdar han.

Gunvald Ludvigsen (V) vil gje personar muligheit til å få behandling av same psykolog òg etter fylte 18 år. Det tar tid å byggje tillit, hevdar han.
Foto: Rune Kongsro

Dårleg samhandling
– Mange unge har etablert eit tillitsforhold til ein behandlar i borne- og ungdomspsykiatrien, som ein mister ved overgangen til vaksenpsykiatrien ved fylte 18 år. Ein samla helse- og omsorgskomité seier no at regjeringa må få slutt på ei slik helsebyråkratisk sperre i psykiatrien, seier Venstre sitt medlem Gunvald Ludvigsen i Helse- og omsorgskomiteen, som jublar over at dei raudgrøne set fleirtalsmakta si til side og røyster for eit fornuftig framlegg.

Samhandling er blant dei største utfordringane i helsetenesta i dag. I spesialisthelsetenesta høyrer barn og unge under 18 år som treng psykisk helsehjelp, til i borne- og ungdomspsykiatrien, BUP. Ved fylte 18 år høyrer desse pasientane til i vaksenpsykiatrien.

Kvinne

Foto: Microsoft

Aldersgrensa — eit hinder
– Aldersgrensa skaper eit brot i behandlinga, noko som kan vere uheldig sidan det i psykiatrien er svært viktig med tillit mellom pasient og behandlar. Eit tillitsforhold kan det ta tid å byggje opp, og det er behov for ein mjukare overgang, seier Ludvigsen (V).

Mental helse har peikt på at somme ved fylte 18 år kan stå utan tilbod, og dette kan føre til forverring av sjukdom. Ansvarsfråskriving kan oppstå når ungdom nærmar seg 18 år, sidan BUP då ikkje vil starte opp behandling sidan dei snart er vaksenpsykiatrien sitt ansvar. Tilsvarande tilbyr ikkje vaksenpsykiatrien hjelp før fylte 18 år.

– Brustad må følgje opp
– Eg forventar at helseminister Sylvia Brustad følgjer opp vedtaket til ein samla komité og set fortgang i arbeidet med å opne dei tette stengsla i psykiatrien som hindrar forsvarleg behandling av unge pasientar, seier Ludvigsen.

Ein samla Helse og omsorgskomité ser det som lagleg å gje pasientar høve til å behalde behandlar også etter fylte 18 år og inntil fylte 23 år, når dei unge sjølv ønskjer det, for å sikre ein mjukare overgang frå borne- og ungdomspsykiatrien til vaksenpsykiatrien og innstiller samrøystes på følgjande forslag frå Venstre:

“Stortinget ber Regjeringa leggje til rette for at unge med tilbod innanfor BUP i borne- og ungdomspsykiatrien, også etter fylte 18 år, kan behalde behandlaren sin i dei tilfella der det er etablert eit tillitsforhold, og dei unge sjølv ønskjer det. Dette tilbodet bør kunne gjelde inntil fylte 23 år.”

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**