Når so leiar i Utval for teknikk og miljø og fylkesvaraordførar, Tom Christer Nilsen går ut i AV og ber folk om søkja om bygging i strandsona fortast mogeleg, før den nye lova trer i kraft so er det meir enn trist. For det første veit Nilsen at fylkesmannen kjem til å setja foten ned. For det andre: vil Nilsen verkeleg ha det slik som i Os kommune, der folk som bur i "Øyane" no må til Austevoll for å finna badestrender? Dette er både uansvarleg og useriøst av Nilsen.
Eli Askildsen i Frp, har hatt eit par innlegg i AV den siste tida som nesten har fått meg til å ynskje den nye loven velkomen. Her sausar ho saman eigedomsrett, demokrati, grunnloven og liberalismen på sitt verste. Det verkar som om ho meiner at so lenge ho og Frp vernar om Grunnlovens § 104-105, som omhandlar eigedomsretten, so styrer dei Askøy til beste for alle borgarane.
Som medlem i Utval for teknikk og miljø, burde Askildsen vita at det er først og fremst Plan- og bygningsloven, samt andre lover og forskrifter ein må ta omsyn til når vedtak skal fattast. Ein kan liksom ikkje fatta vedtak i utvalet og grunngje det med paragrafar i Grunnloven.
Det er sjølvsagt prisverdig at Askildsen er ivrig etter å verne om Grunnloven, det bør vi jo alle vera. Men då vonar eg at både ho og resten av utvalet, vert like ivrig etter å bruke § 110b, der det står:
Enhver har Ret til et Milieu som sikrer Sundhet og til en Natur hvis Produktionsævne og Mangfold bevares. Naturens Resourcer skulle disponeres ud fra en langsigtig og alsidig Betragtning, der ivaretager denne Ret ogsaa for etterslekten.
For at ivaretage deres Ret i Henhold til foregaaende Led, ere Borgerne berettigede til Kunnskab om Naturmilieuets tilstand og om virkningerne af planlagte og iværksatte Indgrep i Naturen.
Statens Myndigheder give nærmere Bestemmelser til at gjennemføre disse Grundsætninger.
Venstre er ikkje i mot at folk skal få byggja og bu på Askøy, men det må vera i samsvar med planar og regelverk. Det kan ikkje vera slik at dei som er så heldige å ha (mest sannsynleg arva) ein eigedom, skal kunna disponera denne fritt, utan omsyn til nærmiljø eller naturmiljø.
Dersom verkeleg Frp og Askildsen meiner at dei skal kjempa for folk sin eigedomsrett, og råderett, som ho skriv, kvifor har dei då gått inn for at Framo skal få rasere mellom anna to gardsbruk, mot eigarane sin vilje?
Eigedomsretten har i seg sjølv ingenting med demokratiet å gjera, slik Askildsen meiner. Når derimot Steinseide, etter å ha brukt sterke ord mot den tidlegare posisjonen og kritisert dei for ikkje å ha teke nok omsyn til alle innspela til arealplanen, no går ut og ber folk om ikkje å koma med innspel til den nye planen då er det grunn til å stille spørsmål om dei demokratiske prosessane.
Sissel Skråmestø Juliussen Askøy Venstre