rekordlågt nivå. Vi kan også få 50 meter sandstrand, grøntareal på begge sider av Barbuelva og fleire åpne og tilgjengelege byrom for alle. Det er også grunn til å minne om at eit einstemmig bystyre har vedtatt kommuneplanen med veldig sterke føringar for sentrumsnær bustadbygging. Dette vil gjere sentrum meir levande.
Men, – det er eit stort MEN. Dette men er at vi i dagens reguleringsplanforslag ikkje har noen endeleg garanti for at nybygg i Barbu vil vere estetisk bra nok. Eg veit arkitektane vil strekke seg langt – og kanskje lenger enn langt – for å kome Venstre i møte i estetikkspørsmålet. Våre hus er dei andres utsikt.
Men nettopp utsikt frå gamle Barbu og innsikt til gamle Barbu, og uvisse om kor langt vi kan trekke estetikken etter ein vedtatt reguleringsplan, gjer at Venstre konkluderer med å seie nei til reguleringsplanforslaget. Estetikken er ikkje på dagsorden i dag. Men i vår gruppe har vi sett for mange eksempel på det har vore vor vanskeleg å styre etter vedtak av reguleringsplan.
SVs Rune Sævre snakka om Barbu som Arendals sjel. Eg veit at Venstre med å stemme nei kan gi Arendal eit hjarte av asfalt. Men eg håpar at vi kan kome tilbake til konstruktive planar for ei utvikling i Barbu det er mogleg å sikre fleirtal for.
– Venstres konklusjon er at vi stemmer nei til den framlagte reguleringsplanen, sa Jan Kløvstad, og saman med Dega Abdi Aman stemte han nei til den foreslåtte planen.
24 stemte nei til planen og 15 ja. Dei som stemte nei var Venstre (2), Høgre (6), SV (3), Pensjonispartiet (2), KrF (2), Senterpartiet (2) og 7 av dei 12 i Aps gruppe. Berre FrPs 8 stemte samla for, saman med 5 i Ap og 2 i KrF: