Landsmøte 2008

Sogn og Fjordane Venstre deltok med 8 delegatar og 6 observatørar på landsmøtet på Sundvollen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

landsmotedelegatar2008

Foto: Sogn og Fj. Venstre

Delegatana var stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen, fylkesleiar Torbjørn Kolås, gruppeleiar i fylkestinget Marit Barsnes Krogsæter, Alfred Bjørlo, Atle Winjum, Eva Ramstad, Vigdis Tonning og Rolf Nesheim.
Sogn og Fjordane Venstre vedtok på årsmøtet å dekke kostnadane for ungdommar som ønskte å delta som observatørar. Fire flotte ungdommar meldte si interesse. Desse var Bjarte Underlid frå Gulen, Bjørnar Hamre frå Selje, Sveinung Langøen Rotevatn frå Eid og frå Fjaøer Kent Gunnar Stølen. I tillegg hadde Sogn og Fjordane to andre observatørar: Varaordførar i Hornindal, Siv Kristensen og fylkessekretær Linda Ness Rotihaug.

Delegatane frå Sogn og Fjordane var aktive i den generelle debatten og ved handsaminga av dei politiske fråsegnene. Alfred Bjørlo var ein stødig og god møteleiar under dag to.

Årets landsmøte er det største landsmøte nokonsinne i Venstre. Det var eit flott gjennomført landsmøte på ærverdige Sundvolden Hotell.

Torbjørn, Vigdis, Eva, Marit og Gunvald

Torbjørn, Vigdis, Eva, Marit og Gunvald
Foto: Sogn og Fj. Venstre

Torbjørn, Eva, Marit og Atle

Torbjørn, Eva, Marit og Atle
Foto: Sogn og Fj. Venstre

Ungdommane

Foto: Sogn og Fj. Venstre

Linda

Foto: Sogn og Fj. Venstre

Rolf Nesheim og Vigdis Tonning

Rolf Nesheim og Vigdis Tonning
Foto: Sogn og Fj. Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**