Målet med dei faste konsultasjonsmøta med staten er å sikre lokaldemokratiske rammevilkår som gjer kommunane og fylkeskommunane til effektive tenesteprodusentar og gode samfunnsutviklarar.
Gunn Berit Gjerde er også oppnemnt til å representere lokale og regionale folkevalde frå Norge i Europarådet og skal saman med leiaren i KS, Halvdan Skard , vere med i " formannskapet " for Konmmunalkongressen i Europarådet for Norge.
Europarådet er sett saman av utanriksministrane i medlemslanda, representantar frå nasjonalforsamlingane og representatar frå lokale og regionale folkevalde.
Kommunalkongressen er samansett av 315 folkevalde frå heile Europa. Norge har 5 delegatar til Kommunalkongressen.
Gunn Berit Gjerde vart vald inn i hovedstyre i KS under landsmøte i KS i Molde i februar i år.
Ho vart og vald som første varamedlem (fast møtande) til Venstre sitt sentralstyre på landsmøtet sist helg.