Østervold Toft har allereie sete ein periode (2 år) som sentralstyremedlem i partiet og var innstilt frå valkomiteen på gjenval.
-Eg er veldig glad for å få høve til å vere med og utvikle Venstre sin politikk dei neste to åra også. Dei to åra eg har bak meg i sentralstyret har vore både interessante og lærerike, og ikkje minst inspirerande, seier Kari Østervold Toft
-Venstre sin politikk har utgangspunkt i at alle skal ha fridom til å gjere sine eigne val samstundes som vi har ansvar for kvarandre. Det inneber at alle menneske skal møtast med respekt, og for meg er det heilt grunnleggjande både i møte med veljarane og med andre politikarar, seier Østervold Toft vidare.
Kari Østervold Toft er til dagleg kommunikasjonsdirektør på Havforskningsinstituttet i Bergen, og er 5. vara til kommunestyret i Sund.