Pressemelding frå Sogn og Fjordane Venstre

Alfred Bjørlo medlem av Venstre sitt landsstyre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Alfred Bjørlo

Foto: Truls Jemtland

Alfred Bjørlo (35) frå Nordfjordeid vart på Venstre sitt landsmøte på Sundvollen valt til direktevald medlem av landsstyret. I tillegg vart Bjørlo valt inn i programnemnda før Stortingsvalet i 2009.

Alfred Bjørlo er dagleg leiar i Måløy Vekst. Han er utdanna cand. scient frå Universitetet i Bergen og gjorde karriere for Venstre på nasjonalt nivå i Kjell Magne Bondevik si regjeringstid. Med fortid m a som fylkestingsrepresentant for Venstre i Sogn og Fjordane vart han i 1999 politisk rådgjevar i Nærings- og Handelsdepartementet for Lars Sponheim. I Bondevik 2-regjeringa var Bjørlo politisk rådgivar for Venstre i Samferdsledepartementet frå 2001 til 2004.

Venstres landsstyre er samansett av sentralstyret, fylkesleiarane og seks direktevalde medlemmer. Landsstyret er det høgaste beslutningsorganet i partiet mellom landsmøta.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**