Lokallaga på skulebenken

Helga 4.-6. april var lokallaga i Møre og Romsdal på skulebenken i Molde. Denne helga var det fokus på organisasjonsbygging og kommunikasjon. Eit kunnskapsrikt team på tre formidla kunnskap og inspirasjon til dei omlag 30 deltakarane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Satsing på grasrota
Venstreskulen er ei satsing på grasrota i partiet, og startar med ei innføring i partiets historie, ideologi og partiprogram. Kursansvarleg denne gongen var mellom andre Rita Sletner, assisterande generalsekretær i Venstre. Sletner var statssekretær i Justisdepartementet i Kjell Magne Bondeviks 2. regjering, då Odd Einar Dørum (V) var Justisminister. Ho har ei lang politisk erfaring frå alle nivå i politikken. Sletner var også leder i voldtektsutvalet som i januar overrekte si utgreiing til regjeringa.

Ideologi og historie
Kursdeltakarane fekk ei grundig innføring i Venstre sin historikk og ideologi av Helge Solum Larsen som er bystyrerepresentant i Stavanger Venstre, og fylkesleiar i Rogaland.
– Det er viktig å vere bevisst på den solide historien Venstre har, sa Solum Larsen. Venstre sin ideologi ligg i bunnen for utforminga av all politikk, og historien viser at Venstre har fått gjennomslag for store saker som folketrygd, likestilling og allmenn stemmerett.

Kommunikasjon
– Det hjelp ikkje å drive god politikk, dersom ingen veit om det, sa Informasjonsrådgivar Frode Fjeldstad i VHO. Han informerte deltakarane om utviklinga for Venstre i media, og viste korleis kommunikasjonsarbeid kan gjerast i lokallaga. Venstre lanserte nye nettsider for vel eit år sidan, og har dobla talet på besøk i løpet av denne perioden.

Fylkesleiar Trond Hansen Riise peika på at politikk nettopp skal skapast lokalt, og at det lokale arbeidet er grunnlaget for eit aktivt folkestyre. Fylkesstyret ga ut bok-gåver til kurshaldarane, og Jens Johan Hyvik, nestleiar i Møre og Romsdal Venstre fekk samstundes skryt frå salen for arbeidet han har lagt ned for å få til denne samlinga.

Anne-Lise Roald

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**