Går kloakken rett til havs ved Øytangen i Flosta?

I bystyremøtet torsdag reiste Jan Kløvstad spørsmål om kloakksystemet er på plass for dei 12 hyttene som alt er på plass på Øytangen, like ved Bota heilt aust i Arendal. Venstre foreslo ein rekkefølgebestemmelse der “Kloakkløsning for de eksisterende hyttene skal vere etablert og godkjent før videre utbygging av Øytangen.” Den foreslåtte reguleringsplanen handlar om 72 nye hytter, og det er også lagt opp til at feltet kan utvidast med enda langt fleire hytter i seinare utvidingar av prosjektet. I kommuneplanen er det vedtatt at området skal vere for hyttebygging, så utbyggarane er i sin fulle rett til å legge fram planar for utbygging.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Venstre stemte først for eit utsettingsforslag frå Aps Gjermund Bjørndal Røysland, eit forslag som fekk 19 stemmer.

Da dette fall reiste Venstre sitt forslag om å få orden på kloakken. Rådmannen var i tvil om det juridiske grunnlaget for eit krav om orden i det eksisterande feltet som grunnlag for nytt felt, og lovte å følge opp Venstres forslag om opprydding i kloakken. På dette grunnlaget trakk Jan Kløvstad forslaget, og varsla samtidig at Venstre “kjem grusomt tilbake” om det ikkje blir varig orden på kloakkforholda.

Etter dette blei utbyggingsplanen vedtatt, med rådmannens lovnad om å sjå til at det blir orden i kloakkforholda.

Arendals Tidende skriv på nettet i kveld, les her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**