Venstre prioriterer kunnskapssamfunnet

Vedvarande og sterk satsing på utdanning og forsking er naudsynt for å sikre verdiskaping og velferd, vårt miljø, demokrati, næringsliv og vår ålmenndanning i framtida.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Uttalelse: Venstre prioriterer kunnskapssamfunnet
13.04.2008 Noreg si framtid ligg i ein kunnskapsrik og kompetent befolkning. For sosialliberale er kunnskap ein verdi i seg sjølv. Vedvarande og sterk satsing på utdanning og forsking er naudsynt for å sikre verdiskaping og velferd, vårt miljø, demokrati, næringsliv og vår ålmenndanning i framtida. Dette krev ein klar politisk kurs og evne og vilje til å halde denne kursen. Det handlar om å tenkje klokt og handle rett.

Skal vi byggje kunnskapssamfunnet må vi prioritere dei offentleg kronene deretter. Difor seier Venstre nei til å utvide skuledagen og å innføre gratis frukt og grønt no! Dei raudgrøne prioriterer galt i ein høgkonjunktur.Foto: Christoffer BiongGjennom fleire statsbudsjett har den raudgrøne regjeringa vist at dei ikkje maktar denne oppgåva:

Politikk handlar om prioritering
I staden for å styrke høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar har dei innført eit kvileskjær med store konsekvensar for institusjonane
I staden for å styrke den næringsretta forskinga har dei svekka dei praktiske tiltaka som fremjer næringsretta innovasjon
I staden for å styrke grunnopplæringa vil dei pøse fleire timar inn i grunnskulen med lærarar som vi kjem til å mangle i løpet av få år
I staden for å innføre systematisk etter- og vidareutdanning for lærarar er dei opptekne av å lovfeste frukt- og grøntordninga
I staden for å sikre mange nok kompetente førskulelærarar er dei raudgrøne opptekne av å innføre makspris som forseinkar målet om full barnehagedekking

Venstre utfordrar
Venstre utfordrar difor regjeringa på desse punkta:
Kvileskjæret: Kuttet på 274,3 millionar kroner i basistilskota til universitet og høgskular er øydeleggjande og må rettast opp att.
Forskingsfondet: Fondet er no på 66 milliardar, men bør vere på 150 milliardar i 2010. For å nå dette målet må fondet aukast til 100 milliardar i 2009. Ei slik auke kan gi store strategiske forskingssatsingar for framtida.
Infrastruktur for forsking: Det er stort etterslep på utstyr og ei rekkje bygg i universitets- og høgskulesektoren ventar på investeringar og rehabilitering. Venstre vil ha systematiske opptrappingsplanar på desse områda.
Næringsretta forsking: SkatteFUNN-ordninga, brukarstyrt innovasjonsarena (BIA) og ordninga med forskings- og utviklingskoordinatorar må styrkast. Brukarstyrt forskings utløyser mest forskingsbasert innovasjon i næringslivet.
Utdanning av ålmennlærarar: Utdanninga må endrast og utvidast til fem år. Det må leggjast større vekt på fagleg fordjuping og praksis.
Kompetanseheving for lærarar: Innfør ei forpliktande og systematisk etter- og vidareutdanning for lærarar — eit lærarløft — i tråd med Venstre sitt framlegg om eit kompetanseår.
La elevane evaluere undervisninga, slik at lærarane får reell tilbakemelding på undervisningsforma si.
Auke kompetansen til rådgjevare slik at dei er i stand til å gi støtte og rettleiing til elevane.
Friske skulebygg: Ta opp att rentekompensasjonsordninga for skulebygg slik at skuleeigarane får høve til å finansiere nybygg og renovering av eksisterande bygg.
Rekrutteringsplanar: Innføre nasjonale rekrutteringsplanar slik at vi sikrar mange nok nye lærarar i skulen og behalde dei som allereie er der.
Seniortiltak: Innføre målretta seniortiltak, til dømes bonusar eller redusert arbeidstid for å halde verdfull kompetanse i skulen.
Pedagogiske kvalifiseringsstipend: Etablere kvalifiseringsstipend for potensielle lærarar med akademisk utdanning som manglar pedagogisk kompetanse, men ønskjer å bli lærar.
Skuleleiarane: Gi rektorane nok administrative ressursar til at dei kan bruke tid på å vere pedagogiske leiarar — og innfør skuleleiarkurs for rektorar og lærarar.
Kompetanse i barnehagen: Sikre fleire førskulelærar og sett i gong systematisk kompetanseheving blant personalet i barnehagane.
Fagkrav for å undervise: Frå og med ungdomstrinnet skal alle lærarar ha ein fagleg bakgrunn (60 stp.) i faga dei underviser i.

Oppland Venstres organisatorsike nestelder Ulf Rogneby tok særlig for seg spesialundervisninge i sitt innlegg til landsmøtet:

 Ulf Rogneby er delegasjonsleder for Oppland Venstre.

Ulf Rogneby er delegasjonsleder for Oppland Venstre.
Foto: Christoffer Biong

– Det er to klare forskjeller mellom Norge og Finland. I Finland bruker man pengene tidligere på spesialundervisning tidligere. Det Finland driver med er forebygging. Det vi gjør er skadebehandling. I Finland går en større del av elevene på spesialskole. Vi må ta på alvor at vi har mange elever med andre behov enn det det ordinære skolen gjør. Vi bør være villige til å slippe til noen flere spesialskoler, sa Rogneby til Venstres Landsmøte.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**