Det er i dag stort behov for tiltak, mange voldtekter er omgitt av taushet og blir i liten grad etterforska. Dette er ofte kompliserte saker, der offeret riskerer å miste sin troverdighet. Samtidig er dette overgrep som er alvorlege for den personen som blir utsett for det, blant anna får mange psykiske og sosiale problem i etterkant.
Rita Sletner har leda eit regjeringsoppnevnt utvalg, som la fram ei utredning, som kartla situasjonen og erfaringane ein har i dag i voldtektssaker, og kom med nye forslag til kva som kan vere med på å gjere situasjonen betre. Med seg i utvalget hadde ho ein brei tverrfagleg gruppe, både helsevesen, politi, og påtalemakt var representert. Rita Sletner vil fortelje om utvalget sitt arbeid på Raftohuset 22.april, og det er høve til komme med både spørsmål og innspel.
Arrangør er Hordaland Venstrekvinnelag.
For meir informasjon; ta kontakt med Åsta Årøen, mob 99522847.