Det er fristande å vere populær, men det kan bli dyrt i lengda

– Det er fristande å vere populær, men det kan bli dyrt i lengda, seier Jan Kløvstad i ein kommentar til at Frps Arne Austenå overraska i driftsstyret med å foreslå at 5 millionar skal settast av til landskamphall for handball i Myra/Bråstad. – Først snakkar Austenå om “alle dei andre” og rådmannen som har stygg tendens til å låne for mykje, og så vil han love bort over 5 millionar kroner utanom budsjettarbeidet. dette er ikkjes eriøst, seier Jan Kløvstad.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Jan Kløvstad

Foto: Åsmund Aqissiaq Kløvstad

Venstre gikk til val på å vere ansvarleg, og fekk med seg fleirtalskonstellasjonen på å berre fordele pengar i samla budsjettbehandling – og eventuelt ved tertiærrapportar om tidene blir gode. Vi veit utmerka godt at dette ikkje gir mange stemmer etter kvart som den eine gruppa etter den andre har gode og velfortente prosjekt som bør ha pengar. men skal vi kunne drive kommunen på ein samla og forsvarleg måte, må vi ha såpass mykje is i magen, seier Jan Kløvstad etter driftstyremøtet torsdag.

Les meir i Arendals Tidende her.

Jan Kløvstad

Foto: Åsmund Aqissiaq Kløvstad

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**