Av Jan Kløvstad,
leiar i Arendal Venstre
FrPs Arne Austenå gir inntrykk av at innvandrarar flest ikkje vil jobbe. Eg kjenner mange velkvalifiserte innvandrarar som søker, søker og søker, men ikkje kjem i jobb. Det er ille, for vi har inderleg bruk for alle. Heldigvis ser vi fleire og fleire arbeidsplassar som har nytte og glede av våre nye borgarar. Ei natt på sjukehuset møtte eg russisk, polsk og norsk lege og sjukepleiarar frå Norge, Irak, Tanzania, Polen og Tyrkia. Alle var høgt kvalifiserte. Utan dei stoppar Helse-Norge.
Vi skal ikkje "avvise ressurssvake innvandrergrupper", slik gruppeleiar Arne Austenå i Arendal FrP vil (Agderposten 8. april). Det er hjartelaust og umenneskeleg. Venstre vil støtte dei som treng det mest, ikkje avvise forfølgte og undertrykte barn og vaksne ved grensa fordi ei krigsmakt har hindra dei i å lære å lese.
I valkampen i fjor haust sa Arne Austenå (folkemøtet i bystyresalen) at vi berre skal ta imot dei nye borgarane som "kommer hit på naturlig vis".
Eg er født i Tønsberg, kona mi i Bærum, ungane våre er født i Grønland og Ecuador. Er vi komne til Arendal på naturleg vis, Arne Austenå? Vil du sende oss ut av Arendal?
Jan Kløvstad
leiar i Arendal Venstre