Bø kommune og økonomien

Bø kommune er i dag den einaste kommunen i Telemark som er på Robek-lista. Det er sløvt av Bø kommune å ha vore på denne lista heilt sidan ordninga vart innført 1. januar 2001. Å kome ut av Robeklista handlar om styring, informasjon og kontroll,seier Kjetil Lie i Telemarksforsking til Varden 25. februar 2009. Robeklista er forkorting for: Register for betinga godkjenning og kontroll. Kommunar som står på lista må t.d. ha godkjenning av fylkesmannen for låneopptak

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


I eit intervju med Olav Kasland i Bø blad 19.02.2009 går han hardt ut mot maktarrogansen til dei partia som styrer i Bø: Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Framstegspartiet. Han seier at alle parti no må samarbeide for å få orden på den elendige økonomien i Bø kommune.

Gruppeleiarar frå SP og FrP seier dei ikkje skjønar denne kritikken, men viser til marginale skilnader i synet mellom fleirtalet og opposisjonen. Det er fordi Bø er ein vekstkommune at det blir så vanskeleg, blir det og hevda. Ordførar Arne Storhaug frå Ap synest ikkje det er flaut å vere på Robeklista og seier m.a. at det er den veldige veksten i folketalet i Bø som er viktigaste forklaringa. Hadde Bø vore distriktskommune hadde tilskota og vore mykje høgare, sa han til Varden i dag 25.02.2009.

Som kjent sende fylkesmannen budsjettet for Bø for 2009 tilbake utan godkjenning og med ein merknad om at stoda med over fem millionar i underskot er svært alvorleg for kommunen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**