Fylkesstyret har i følgje Venstre sine vedtekter ansvar for at nominasjon til stortingsval og fylkestingsval blir førebudd i god tid. Det vil sei at fylkesstyret har ansvar for at nominasjonsnemnda kjem i arbeid, at nominasjonsmøte blir kalla inn og at listeforslaget blir sendt inn innan nominasjonsfristen 31.mars 2009.
For at vi skal kunne samle alle toppkandidatane til felles skulering gjennom Nye Rikspolitisk Nettverk, er det viktig at nominasjonsmøta blir heldt så tidleg som mogleg. I fylkeslag kor det er praktisk mogleg oppmodar vi om at nominasjonen skjer før utgangen av 2008. Absolutt siste frist for nominasjonsmøtar er i følgje Venstre sine vedtekter innan utgangen av februar 2009.
Sentralstyret sitt forslag til framdriftsplan for nominasjonsprosessane:
Innan 31.mars 2008:
Fylkesstyret/fylkesårsmøtet oppnemnar ei nominasjonsnemnd.
Innan 1. juli 2008:
Fylkesstyret syt for at medlemmene i nominasjonsnemnda blir kalla inn til konstituerande møte. Når nemnda blir konstituert må dei gjere vedtak om framdriftsplan og gjere denne kjend i organisasjonen.
Innan 1. august 2008:
Nemnda inviterer alle lokallag og alle medlemmer i fylkeslaget til å kome med forslag til kandidatar. Forslaga treng ikkje å rangerast.
Innan 15. september 2008:
Frist for lokallag/medlemmer til å levere inn forslag.
Innan 1. oktober 2008:
Liste over alle føreslåtte kandidatar (i alfabetisk rekkefølgje) sendast ut til lokallag for behandling i medlemsmøte.
Innan 1. november 2008:
Frist for lokallag til å sende inn rangert liste på kandidatar.
Innan 1. november 2008:
Fylkesstyret sendar ut innkalling til nominasjonsmøte. I høve vedtektene skal dette skje minst ein månad før nominasjonsmøtet.
Innan 15.november 2008:
Nominasjonsnemnda si innstilling sendast til lokallag og alle medlemmer. Lista vert gjort offentleg.
Innan 31. desember 2008:
Fylkesstyret held nominasjonsmøte i høve til §7 i Venstre sine mønstervedtekter for fylkeslag.
Innan 31. mars 2009:
Fylkesstyret har ansvar for at lista blir innlevert til fylkeskommunen sitt valstyre med dei opplysningar, underskrifter og vedlegg som er nedfelt i valloven.
Sentralstyret sitt forslag til retningslinjer for nominasjonsnemnder:
Samtlege medlemmer av nominasjonsnemnda bør akseptere desse retningslinjene for nominasjonskomiteen sitt arbeid:
Nominasjonsnemnda må spørje alle dei føreslåtte kandidatane om dei er villig til la seg nominere på den føreslåtte plassen.
Nominasjonsnemnda må spørje dei føreslåtte kandidatane om dei reserverer seg mot Venstre sin vedtekne politikk.
Nominasjonsnemnda må spørje valde representantar om dei stiller til val på ny.
Nominasjonsnemnda kan ikkje føreslå kandidat som er medlem i nominasjonsnemnda med mindre vedkomande trekk seg frå nemnda straks forslaget blir fremja anten av komiteen eller av andre. Dersom vedkomande ikkje ønskjer å trekke seg, skal forslaget avvisast.
Nominasjonsnemnda blir stilt fritt i sitt arbeid med å vurdere aktuelle kandidatar til vallista, men ho er forplikta til å innhente naudsynt informasjon frå kandidatane og kan eventuelt innhente informasjon frå andre kjelder.
Kandidatar som blir føreslått til topplasseringar på listene må å ha akseptert dette på førehand.
Kandidatane må vere innstilt på å sette av tilstrekkeleg tid til naudsynt skulering og aktiv innsats i valkampen. Dette gjeld spesielt for dei øvste kandidatane.
Kandidatane må stå inne for partiet sitt prinsipprogram og i all hovudsak vere einig i partiet sin politikk. Venstre har ingen krav om at kandidatane må vere medlem i partiet. Det er lov å tenke nytt, utradisjonelt og å vere kreativ i nominasjonsprosessen når det gjeld å føreslå personar som pr. i dag ikkje er aktive i partiet.