I morgon diskuterer planutvalet Barbu-utbygging

I morgon diskuterer planutvalet utbyggingsplanane for Barbu Brygge.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Barbu med Barbu kirke

Foto: Jan Kløvstad

– Eg likar miljøprofilen i prosjektet,og eg synest det er godt å få eit alternativ til asfaltørken i Barbu. Men eg kan ikkje forstå kvifor ei så potensielt kreativ yrkesgruppe som arkitektar skal teikne like firkantar i strandkanten i Tromsø, Lierstranda, Aker Brygge, Drammen sentrum og nå Barbu, seier Venstre smedlem i planutvalet, Jan Kløvstad. – I møtet vil eg be om ei vurdering av estetikken, fordi eg meiner den foreslåtte planen ikkje yter nok respekt for det eksisterande Barbu bak den nye planen. Venstre var heilt aleine i bystyret mot paralelloppdrag med fem utvalte arkitektar. Den arkitektkonkurransen la etter vår meining altfor sterke bindingar i den vidare utbygginga, og derfor både argumenterte og stemte vi mot. Alle andre parti har bunde seg opp til teikningane frå Dark Arkitektar og er medskuldige i den fæle estetikken i planane vis er her i dag, seier Jan Kløvstad, som heilt frå folkemøtet i Kjerka i juni 2007 har åtvara mot den manglande respekten for kulturverdiane i den gamle bydelen i Barbu.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**