Kva skal ligge kvar?

Giske kommune held no på med rullering av kommuneplanen for perioden 2008 til 2020. I arealdelen av denne planen skal det no bestemmast kva som skal ligge kvar i kommuna av offentlige områder, bustadfelt, vegar, industriområder med meir. Vil du vere med på å bestemme dette?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Anne-Lise Roald

Foto: Privat

Giske kommune har på sine heimesider lagt ut eit kart der innkomne forslag til framtidig arealbruk i Giske kommune er inntekna, seier Anne-Lise Roald, medlem i Komite for Tekniske saker for Giske Venstre.

I løpet av våren skal desse forslaga handsamast politisk og hengjast ut til offentleg ettersyn for å få innbyggjarane sine tilbakemeldingar på planen, og høve til å kome med nye eller andre forslag.

Spesielt viktig er det kanskje at nærmijøutvala tek tak i denne prosessen, og inviterer til folkemøter der ein kan gå gjennom forslaga og gjerne få dei presenterte av planutvalet eller planleggjaren i kommunen, fortsetjer Roald.

Dette er tida då innbyggjarane har best høve til å vere med å påvirke den framtidige arealbruken i kommunen. Når endringar og innspel er vurderte og planen vert vedtatt av kommunestyret, er rammene lagt for dei neste 12 åra.

Giske Venstre er opptekne av at innbyggjarane skal ha brei deltaking i denne planlegginga. Vi oppfordrar difor innbyggjarane til å gå inn på heimesidene til kommunen, for å sjå kva som har kome inn av forslag på noverande tidspunkt, og gjerne kome med eigne innspel til planen. Ein kan óg ta kontakt med plankontoret i kommunen for å få tak i dette, samt orientering om prosessen.

-Det er dette som er lokaldemokrati i praksis. Kanskje det har kome inn forslag som er til stor fordel eller ulempe for deg og ditt lokalmiljø, og som du vil sei di meining om? Poengterer Roald.

Arealdelen av kommuneplanen er sentral for utviklinga av kommunen framover, og planen blir førande for alle framtidige reguleringsplanar og byggesaker i Giske for perioden. Det er difor viktig at flest mogleg av innbyggjarane er klar over at dei no har sjansen til å påvirke dei føringane som blir lagt for kommunen vår, avsluttar Roald.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**