ba komiteen om å få ein trygg veg.
Ved Holt skole stod også 100 elevar, ved barnehagane til saman drygt 20 barn, og ved Tvedetsrand videregående skole på Holt 50-60 ungdommar. Langs vegen stod det anslagsvis 300 vaksne som viste kvart einaste kryss, avkøyring og busshaldeplass.
Og så presterer SVs Hallgeir Langeland å seie til NRK Sørlandet at vi puffar ungane foran oss.
Svaret vårt er:
1. Ungane har rett til å leve, dei også.
2. Ungane er dei som er hardast ramma av den farlege E18, og dei er dei svakaste av dei mjukaste trafikantane.
3. SV bør respektere at barn og unge vil seie meininga si. Det er ungane som er framtida.
Dei andre medlemene av Stortingets transport- og kommunikasjonskomite hadde eit heilt anna syn på samtalen med skoleelevane og køyringa langs farlege 21 km med 159 avkøyrslar i tillegg til landbruksvegar og blanding av langtransport og lokaltrafikk i bil, på sykkel og til fots.