Kurset i Morgedal, med deltakarar frå dei fleste kommunane i Øvre Telemark og andre interesserte, var nyttig å ta med seg i det utfordrande og viktige arbeidet det vil vera å føre ein fornuftig og framtidsretta kommunal energi- og miljøpolitikk forankra i det som heilt nødvendig må kome på plass, – nemleg kommunale klimaplanar. Men skal dette arbeidet bli meiningsfyllt og målretta mot ei så trygg og god nåtid for oss og ikkje minst framtid for etterkomarane våre, er det nødvendig å omsette tankegodset i Øyvind Skar sine synspunkt til truverdige haldningar og forpliktande praktisk handling.
Øyvind Skar peikar mellom anna på det faktum “at uansett hva slags energi som tas i bruk, vil det totale materielle forbruket øke i takt med totalt energiforbruk”. Han meiner også at det vil føre med seg mange ulemper og skader å ta i bruk alternative energiformer, og at “slik “energihungeren” øker nå, kommer de alternative formene i tillegg til CO2- utslipp som følge av økende bruk av fossil energi”. Dagens vekstsamfunn slepper i løpet av bare ein generasjon eller to ut resultatet av at olje, gass og kol er biologisk fanga, avsett og lagra gjennom millionar av år, seier Skar.
Gjennomgangsmelodien på det nemde kurset var velmeint og god, men bar i stor grad preg av at vi kan klare å handtere miljø- og klimautfordringane ved hjelp av eit sett løysingar henta fram frå ei materialistisk og teknokratisk verktøykasse, og samtidig akseptere ein stadig aukande energibruk, rett nok basert på andre energikjelder enn dei som er mest vanlege i dag. Det er til ein viss grad vel og bra med meir klimavenlege energikjelder, som vil redusere skadelege utslepp av klimagassar, sjølv om miljø er meir enn bare klima.
Det er også bra med auka forståing for at den miljøfiendtlege aktiviteten vår må bli meir miljøvenleg. Men til sjuande og sist vil det saman med alt dette vera å få kontroll på den uhemma materielle vekstspiralen som bestemmer om vi skal kome ei tilsynelatande utfordrande, usikker og noko dyster framtid til livs. Naturressursane våre i form av vasskraft og olje har gjeve oss materielle moglegheiter som gjer det vanskeleg for oss å skape eit heilt nytt og nødvendig meir miljøtilpassa og levedyktig samfunnsmønster. Det er det totale og stadig stigande forbruket av energi og natur vi må gjere noko med. Vi har alt for lett for å omskrive og praktisere berekraftig utvikling som “bare kraftig utvikling”.
Jon Ingebretsen, Vrådal Naturrettleiar og lokalpolitikar i Venstre