Utsetjing av saka om kjøkenstrukturen i Giske

I formannskapet vart det mot Venstre si stemme fremja innstilling til kommunestyret om å samle kjøkendrifta til eitt kjøken i Giske kommune, og lokalisert til Valderøya. Venstre meiner at ein må vurdere andre alternativ enn konvensjonell kjøkendrift i framtida.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Venstre meiner det er vesentleg at saker som vedkjem tilsette i kommunen blir drøfta med dei på ein skikkeleg måte. Kommunestyret er dei tilsette sin arbeidsgivar i praksis, og det er vesentleg at alle lovar og reglar vert handterte på rett måte, og at krav om informasjon og dialog med dei tilsette vert halde.

Britt Giske Andersen

Foto: Ove Paulsen

Giske Venstre meiner og at det økonomiske grunnlaget i denne saka er for dårleg utreda, og at det er ønskeleg med meir tid for å gå djupare i saka etter at andre faktorar som til dømes innspel frå dei tilsette kan vektleggast i vurderinga.

Då saka var oppe i formannskapet argumenterte Britt Giske Andersen for å vurdere alternative driftsformer, samt andre produksjonsmåtar enn dagens, mellom anna løysinger basert på tilberedingsmåten Sous-vide.

julemotiv 8 - julemiddag

Foto: microsoft

Sous-vide er eit eksempel på utvikling av nye produkt innan matvarer. Sous-vide er mat som vakuumpakkast og varmebehandlast i emballasjen. Produktet blir handsama som kjølevare, og varmast i pakninga rett før servering. Sidan produktet koker i si eiga kraft, blir både farge og smak betre. Sous-vide-produkter blir ofte brukt både av restauranter og storkjøkken.

Mange kommuner i landet har no lagt opp kjøkendrifta si basert på denne produksjonsmetoden på varmmat. Giske Venstre meiner at dette også bør vere aktuelt for kjøkendrifta på institusjonane i Giske.

Giske Venstre fremja forslag i kommunestyremøte 04. mars om å utsetje handsaminga av saka om framtidig kjøkenstruktur i Giske. Giske Venstre meinte at saka ikkje var ferdig handsama, då mellom anna dei ansatte sine organisasjonar hadde fått særs kort høyringsfrist. Dette forslaget vart vedtatt med eit knapt fleirtal i kommunestyret. Forslaget fremja på av Anne-Lise Roald på vegne av Giske Venstre var:

Forslag:
Det er poengtert av Fagforbundet at dei ikkje har hatt høve til å ta opp saka i styremøte eller medlemsmøte. Korleis er det for dei andre organisasjonane? Er det manglande svar, og kan dette vere på grunn av den korte høyringsfristen. Dette er ikkje ei hastesak etter mitt skjøn, og vi må ta oss tid til ein skikkelig høyringsrunde med ansattorganisasjonane, og gi dei nok tid til å få handsama saka og orientert sine medlemmer.

På bakgrunn av dette vil Giske Venstre fremje eit utsetjingsforslag. Saka skal på nytt sendast til faginstansane på institusjonane for uttale, med rimeleg høyringsfrist.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**