Informasjon frå Giske bondelag

Før det annonserte møtet tok til i kommunestyresalen tirsdag 4. mars, fekk dei folkevalde ei orientering frå Giske Bondelag om tilhøva for den norske bonden og dei konkrete utfordringane i Giske kommune.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Karl Arne Austnes og Fredrik Godø frå Giske Bondelag orienterte dei folkevalde om tilstanden i landbruket i Giske kommune.

Skurtresking

Foto: Erik Ringnes

Norsk korn
Karl Arne Austnes, leiar i Giske Bondelag, åpna presentasjonen med å vise til at det er billigare å kjøpe norsk korn, enn å kjøpe det på verdsmarknaden. Dette meinte han viste kor viktig det var med eigenproduksjon av matvarer her i landet. Velstandsauke i Kina og India fører til at fleire vil ete kjøt i staden for ris, og satsinga på bioenergi gjer at mais og soya blir nytta som råvare til dette i staden for til mat.

Fakta om landbruket i Giske
I Giske kommune er det i dag 50 årsverk på gardsbruka, og det er ein lokal matproduksjon med 25 millionar kroner i omsetnad. Landbruket i Giske står for omlag 2% av sysselsettinga. Bøndene i Giske har satsa på ulike vinklingar i tilknytning til gardsdrifta som til dømes “Inn på tunet”, besøksgardar og turisme.

Det er omlag 10 000 dekar jordbruksareal i kommunen, som vert nytta til kornåkre, gras til fôr og beitemark. I tillegg er det omlag 12 000 dekar utmark og skogareal.

I 2007 hadde Giske 45 gardsbruk i drift. med eit gjennomsnittleg dyrka areal på 231 dekar. Dette er ein nedgang frå 1999, då det var 75 gardsbruk i drift i kommuna.

Gardsbruka i Giske syt åleine for årsforbruket av drikkemjølk, ost og andre meieriprodukt til vel 8 000 personar. Kjøtproduksjonen tilsvarar årsforbruket av kjøt til heile 2 600 personar.

Utfordringar for gardbrukarane i Giske
Hovedutfordingane for gardbrukarane er knytt til tre hovudområder; dårleg lønsemd, mangel på jordbruksareal, og sviktande rekruttering som følgje av lav inntekt og lav status for yrket.

Ein gjennomsnitts gardbrukar har gjerne 300 000 kr i årleg bruttoinntekt. Av dette går avskrivingar, renter på lån og andre kostnader knytta til drifta. Netto sit bonden gjerne att med under 200 000. Denne utviklinga har ført til at det i dag berre er to gardsbruk i kommunen som er familiedrivne, utan ein av partane i anna heiltidsjobb utanfor bruket.

Det er i følge bondelaget vanskeleg å få leige dyrka jord. Denne jorda har lavare marknadspris enn boligareal, og mange som sit på dyrkajord som ikkje er i drift, tek sikte på at jorda ikkje skal leigast ut, men leggjast ut til boligområder på sikt. Det er dårleg lønnsemd også dersom ein skal ta sikte på å dyrke opp utmark.

Landbrukspolitikk i Venstre
Giske Venstre vil arbeide for at Landbruket skal ha ein viktig plass i Giske kommune også i framtida. Vi ønsker framleis at Giske skal ha eit landbruk med variert bruksstruktur, både av beredskapshensyn og for å sikre trygg mat. Venstre vil ta med seg innspela inn i prosessen med rullering av kommuneplanen, og takkar for orienteringa frå Bondelaget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**