Dei fattigaste er taparane i helse-Noreg

Ufattelege 85 mrd. kroner blir brukt på spesialhelsetenesta i Noreg. – Dei som får minst av desse milliardane, er dei fattigaste i dette landet og som har dårlegast helse. Dette krev tøffe omprioriteringar. Det dreiar seg om rusmisbrukarar, psykiatriske pasientar, kronikarar, bustadsløyse og folk på sosialhjelp, sa Gunvald Ludvigsen under dagens spørjetime i Stortinget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Stortinget, stortingssalen

Foto: © Stortingsarkivet/ foto: Teigens fotoatelier as

Situasjonen i helsesektoren stod på dagsordenen då helseminister Sylvia Brustad i dag deltok under Stortingets spørjetime.

Aukande helsegap
– Det er dei fattigaste som også er sjukast, det er dei som lever kortast. Fattigdom er grunnlaget for helseforskjellar, og fattigdom fører til helseforskjellar. Regjeringa gjekk høgt på bana for å utrydde fattigdom. Vi trur ikkje dette er enkelt, knapt mogeleg. Men vi ønskjer å redusere helseforskjellane så mykje som mogeleg. For å få til dette blir det kravt omprioriteringar. Er helseministeren uroa over at helsegapet er blitt større også med denne regjeringa, spurde Ludvigsen.

Også Brustad var bekymra for helseforskjellane, utan at ho kunne peike på konkrete løysingar.

Surt eple til 2 mrd.
Også økonomien på sjukehusa stod sentralt i dagens debatt.

– Trur statsråden at eit surt eple til 2 mrd. kroner kan løyse økonomiproblema i sjukehussektoren på kort sikt slik tidlegare adm. direktør i Helse Midt-Noreg RHF, og ein av sjefsarkitektane for sjukehusreforma Paul Hellandsvik har uttalt. Eller har helseministeren friskare frukt i korga, spurde Venstres helsepolitiske talsmann Gunvald Ludvigsen.

Brustad var tydeleg i svaret sitt. Hadde ho hatt to milliardar å dele ut, ville ho ikkje prioritert sjukehusa og spesialisthelsetenesta. I staden peikte ho på styrking av primærhelsetenesta, behandling av pasientar på eit lågare nivå og førebyggjande arbeid.

På fleire område var Venstre og Ludvigsen fornøgde med statsråden si avklaring.

– I teorien er alle einige om at behandling skal skje på lågast mogeleg nivå. Men dette fungerer ikkje i praksis, og dermed blir helsevesenet si viktigaste utfordring ikkje handterte av den sitjande regjering. Veksten i helsevesenet må dei nærmaste åra skje i primærhelsetenesta og det kjem til å krevje ein tøff helseminister. Eit betre helsevesen krev meir fokus på korleis primærhelsetenesta kan løyse fleire oppgåver, slik at strømmen av pasientar til sjukehusa blir redusert. Noreg har også eit kraftig forbedringspotensiale på førebygging, seier Ludvigsen.

Meir info
29.02.2008: Må dempe presset på sykehusene

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**