Tore Turøy med innlegg i Vestnytt

Kommunestyrerepresentant Tore Turøy har i dag (4/3-08) eit innlegg om nytt sotrasamband i Vestnytt

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Nytt samband — det dreg seg til

I kultursalen på Fjell rådhus var det på torsdag den 28. februar invitert til orienteringsmøte
om det nye fastlandssambandet og straksløysingar.

Dei som forventa nyhende og avklaringar gjekk nok skuffa heim. Dei av oss som har følgt med i saka har høyrt det meste før. Ja, eg vil påstå at eg har vore tilhøyrar på tilsvarande møte om same saka som har vore meir opplysande enn dette.
Men ein bodskap som vart framheva gong på gong, var at no hasta det meste. Både å få på plass traseval og straksløysingar. I løpet av mars må alle kommunane kome med uttale til Nasjonal Transportplan som no er ute på høyring. Og allereie i denne uttalen bør kommunane vere samstemte. Det får vi nok til, for her treng vi ikkje ta stilling til traseval.

Rett før sumarferien kjem innstillinga frå vegvesenet som skal belysa dei ulike alternativa
vi har å velje mellom. Ifølgje ordførar Lars Lie vert bunken av sakspapir på kring ein halv
meter. Ut frå det som står i dei nemnde sakspapira må dei aller fleste kommunestyrerepresentantane i 4 — 5 kommunar einast om eitt alternativ som skal
danna grunnlag for ein søknad til departementet. Er det nokon som lurer på kva dei bør nytta sumaren til?
Det er med dette bakteppet eg spør meg sjølv: Kan dette gå bra? Vert det noko nytt samband dersom vi skal følgje denne løypa?
Eg vert meir og meir viss på at dersom vi skal ha ein sjanse til å få på plass det nye sambandet må vi klare å få til ei løysning som samlar heile regionen i staden for å leggje opp til eit løp som kan splitte og lage ufred i lang tid. I tillegg kan vi stå i fare for å velje alternativ som berre flyttar problema.

Eit forslag som kanskje ikkje er nytt, men som ikkje er med i dei vidare planane må vurderast seriøst. Det er ei delt løysing. Både nord og sør. Det har ikkje kome fram fordi både planleggarar og andre reknar med at det vert for dyrt og omfattande til å kunne realiserast.
Men det treng slett ikkje vere tilfelle dersom vi går fram på rett måte. Også eg, som går varmt inn for det sørlege alternativet, ser at det må gjerast drastiske tiltak i nord.
Forslaget går ut på at vi i komande NTP må få med ei løysning i nord. Men då snakkar vi ikkje ein gigantisk motorveg som endar opp i svære trafikkmaskiner på båe sider.
Nei, det må byggjast ei bru ala Askøybrua som går rett i tunnel på båe sider med av- og påkøyrslar til Knarrevik, Valen og Hjelteryggen på Sotrasida før den går inn i tunnel, og tilsvarande til Drotningsvik / Godvik på bysida. Viser igjen til korleis det er løyst på Askøy.
Dette alternativet, som vi kan kalle ein lettversjon, vil saman med gamlebrua som då kan
verte kollektivtrase, gi oss eit lite pusterom på kanskje fem til ti år.
Men dette vil ikkje vere ei løysning for all framtid. Veksten i regionen vil halde fram.
Frå 1972 då Sotrabrua kom, har folketalet i regionen meir enn tredobla seg frå 10.000 til 31.000 i dag. Prognosane tilseier at vi kan passere 60.000 kring 2030. Det seier seg sjølv at den trafikken som denne folkeauken vil generere ikkje kan takast unna utan kaos dersom alt skal ledast inn mot Storavatnet der den vil møte trafikken frå Askøy som har enda større auke. Vi vert difor tvinga til å tenkje vidare. Vi må også ha eit samband
i sør. Og dette sambandet må verte ein firfelts motorveg i følgje regelverket, men kan
vente til neste NTP rullering om fem år.

Kva vil så ei slik løysing gi oss? Dersom alle kan einast om dette, vil første steget kunne
realiserast raskare enn noko anna alternativ. Kanskje allereie i 2014/2015. Det kan nesten kallast eit strakstiltak. Dette er eit alternativ som også Sund bør kunne akseptere.
Men då må det søre alternativet forankrast i vedtak i alle dei involverte kommunane. Men vi må godta at det vil ta nokre fleire år å få det på plass. Øygarden og det meste av
Fjell kommune vil få to alternativ til køyrerute. Askøy vil møte mindre trafikk frå Sotra og
dermed mindre køar. Bergen vil få fordelt trafikken frå Sotra og dermed mindre køar. I tillegg vil dei få ein ekspansjonsmoglegheit mot søre Sotra. Kollektivtrafikkantane og dei mjuke trafikkantane vil få betre tilbod. Og ikkje minst vil handelsstanden på Straume få alternativet som dei ynskjer. I tillegg kan dei kanskje få kundar frå Fana. Kort sagt ei vinn-vinn løysning for alle partar.
Dette er ei løysing som vi vil fremje forslag om og som vi håper at så mange som mogeleg vil slutte seg til.

Tore Turøy
kommunestyrerepresentant
Fjell Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**