I foredraget tok Mona H. Hellesnes utgangspunkt i folketalsutvikling, dvs. folketalsnedgang, i Ulvik og nærliggjande kommunar i Hardanger, med tilhøyrande langsiktige konsekvensar for bygdene. Ho peika på uheldige sider ved rikspolitikken – som har mange sentraliserande tendensar – og gjekk gjennom utforingar kommunane står framfor. Næringsutvikling, arealkonfliktar, utdanningstilbod og samferdsel stod sentralt i det svært interessante foredraget. Ho oppfordra til nært samarbeid mellom kommunane for å få utviklinga på ein betre kurs!
Årsmeldinga fortalde om eit aktivt valår, med stor framgang som resultat. Geir Inge Kvitne fekk blomster som takk for stort arbeid med vallista, og Torstein Gunnarson for arbeid med program og valkamp. Elles vedtok årsmøtet at lokallagskontingentten skal vera 50 kr., og drøfta medlemsverving.
Heile styret tok attval, og er no: Kristian Østrem, leiar, Anne Jorunn Ryum Møen nestleiar, Kjell Stavenes kasserar, Knut Olav Nestårs skrivar, Geir Inge Kvitne. Varamedl. er Annlaug Helland og Kai Hysing. TG