Nesset Venstre – Årsmelding 2007

Les årsmeldinga nedanfor.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Nesset Venstre – Årsmelding 2007

Lokallaget har i fleire år vore utan aktivitet. Fylkesleiar Trond R. Hansen tok i
januar 07 kontakt for å blåse nytt liv i venstrelaget i Nesset.
Det vart bestemt at ein skulle invitere interesserte til møte med tanke på å få etablert
Ei Venstreliste til kommunevalet hausten 2007.

Første februar vart det første møtet halde, og det møtte 5 personar i tillegg til fylkesleiaren. Møtet konkluderte med at det vart grunnlag for å arbeide vidare.
Etter å ha arbeidd med å samle kandidatar, kunne nominasjonsmøtet 26. mars vedta
Ei liste med 16 namn. Ingen vart kummulert.
Nominasjonsmøtet sette ned ein programkomite med desse medlemmane:
Svein Øverås, Børge Rød, Hilde Toven, Anny Rønning, Karianne Rindli og Martinus Leirvoll.
Programmkoniteen la fram sitt forslag på medlemsmøte 7. juni, og programmet vart levert til trykking i slutten av juli.

Valkamp.
Børge deltok i paneldebatt i Eidsvåg. Det vart laga fleire avisinnlegg.
Vi fekk bra oppslag på listepresentasjonen og på kvinneval utspel.
Det vart og laga oppslag på at Venstre ville støtte Høgre sin ordførarkandidat.
Laurdag før valet hadde vi stand i Eidsvåg.
Det vart og i tillegg til utsending av program, sendt brev til alle førstegongsveljarane.
Som ein lekk i valkampen vart det også laga til eiga heimeside for Nesset Venstre.

Venstre fekk 118 stemmer — 7,6 % og det gav 2 representantar i kommunestyret.
Så mange stemmer har ikkje Venstre hatt sidan åttitalet.
Saman med Høgre, Kr.f, Frp, og Innbyggarliste vart dette eit knapt fleirtal i kommunestyret. Vi fekk fleire posisjonar fordi vi førebudde oss godt.
Konstitueringa gav dette resultatet for Venstre:
Hilde Toven Formannskapet, administrasjonsutvalet
Børge Rød Leiar driftstyre 1 og klientutvalet, medlem Mardølafondstyret og
banenemnd.
Anny Rønning Nestleiar Fjellstyret
Jorunn Solhjell Medlem Miljøfondstyret
I tillegg har vi plassar på varalista til mange utval.
Børge Rød er leiar for kommunestyregruppa.

Hausten 2007 har vi hatt 4 gruppemøter/medlemsmøter.
Det har vore godt oppmøte på alle.

Børge Rød representerte lokallaget få fylkesårsmøtet i februar. Han deltok og på fleire
Skuledebattar under valkampen.

Det er sluttmeldt 2 studieringar.
Nesset Venstre har og vore representert på 3 samlingar i regi av fylkeslaget.

Rekneskapen viser pr. 31.12.2007 ei behaldning på kr. 3780, 27

Laget har når dette er vert skrive 12 betalande medlemmar.

Det vart sist halde årsmøte i 1999. styret som då vart valt har fungert i meldingsåret.
Leiar: Martinus Leirvoll
Nestleiar: Brit Karin Wågbø
Kasserar: Martinus Leirvoll (overtok for Kåre Stubø i perioden)
Sekretær: Kristine Flem Gikling
Styremedlem: Helge Bugge
VO-leiar: Martinus Leirvoll

Eresfjord 13. feb 2008

Martinus Leirvoll

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**