institusjonar skal vere økologisk.
Han viste til København kommune, der 45% av all mat som blir servert i kommunale institusjonar er 45% alt nå, og at København har målsetting om heile 90% økologisk i 2015. Venstre meiner Danmark nok har større økologisk marknad, men at det sal vere mogleg for Arendal å nå minst 60% økologiske varer i 2015.
Ved votering i driftsstyret i februar fekk Venstre berre følgje av Høgres Irene Aune Henriksen. Arendals Tidende har omtalt saka her.
Heile saksutgreiinga om felles økoløft for Arendal og Grimstad kan lesast her.
I bystyremøtet foreslo Sanjin Salahovic og Jan Kløvstad at forsøksprosjektet blir evaluert etter 5 år , i staden for 2 år som komiteen for kultur, miljø og næring hadde foreslått. Forslaget var på grunnlag av opplysningar frå landbruket om at det tar meir enn to år å legge om drifta til økologisk landbruk. Ved avstemming viste det seg overraskande nok at berre 6 stemte for Venstres forslag, – SVs tre og ein frå Senterpartiet.
Venstres forslag om meir ambisøise planar blei berre støtta av SVs tre representantar, og blei derfor ikkje vedtatt.