Venstre på offensiven i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal Venstre har hatt ein auke i medlemsmassen på 17 % siste året og er no det tredje største venstrefylket i landet.

Vi opplever vind i segla og stor interesse for politikken vår. Dette gir oss optimisme og vilje til å stå på vidare, seier Trond Hansen Riise framfor fylkesårsmøte som blir arrangert i heimbygda Sunndalsøra.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Det er berre Oslo og Hordaland som slår Møre og Romsdal Venstre på medlemstal. Men Møre og Romsdal har flest kommunestyrerepresentantar i heile landet. Målet vårt er å slå Hordaland også på medlemsmasse i løpet av neste år slik at vi blir størst utanom hovudstaden, seier fylkesleiar Trond Hansen Riise som på fylkesårsmøte skyt startskotet for ei storstilt vervekampanje mellom medlemene.

Venstre har i åresvis markert seg som miljøparti, og det er det enorme fokuset på miljø siste året som gjer at Venstre no opplever ei slik blomstring både i Møre og Romsdal og elles i landet, trur Hansen Riise. Han meiner også at den realistiske, men positive vinklinga Venstre har hatt på miljøtrusselen , har gjort at folk vel Venstre framfor andre som har snakka om miljø. Vi har ei ukueleg tru på at det nyttar om vi tar eit tak for miljøet no og bruker krefter og pengar på å utvikle ny miljøteknologi , seier venstreleiaren som likevel presiserer at det inneber både omtanke og kostneder for folk flest å ha omtanke for miljøet.

Både nestleiaren i Venstre, Trine Schei Grande og stortingsrepresentant Leif Helge Kongshaug kjem til årsmøte på Sunndalsøra 1. mars. Og denne gongen har fylkesstyret sett skulen i fokus. I tillegg til miljø, har Venstre alltid hatt skule som hovudsak. Vi er i ferd med å pusse på skuleideologien vår slik at vi som venstrepolitikarar skal bli i stand til å vere gode skuleiegarar i kommunane og i fylket med fokus på innhaldet i skulane våre, seier Trond Hansen Riise. Nokre av tiltaka våre blir å fri læraren frå dei evige rapporteringane og dei stadige reformene som stel tida læraren skulle bruke på elevane og læring. Vi må også auke statusen for lærarane, og vi skal diskutere korleis vi best skal gjere det, avsluttar Riise som trur på ein livleg debatt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**