Venstreskolen Trinn 1 og 2

Møre og Romsdal Venstre og VHO arrangerer Venstreskolen Trinn 1 og 2 i Molde helgen 4 til 6 april 2008.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Tid: 4-6. April

Kurs: Venstreskulen Trinn 1 (fredag kveld) og trinn 2 (laurdag og søndag)

Overnatting: Quality Hotel Alexandra

Pris: Fylkeslaget sponsar samlinga men deltakarane (eventuelt lokallaga) må betale ein eigenandel.

Eigenandel m/overnatting frå fredag til søndag: 1000 kr.

Eigenandel m/overnatting frå laurdag til søndag: 500 kr.

Deltakarpris u/overnatting frå fredag til søndag: 400 kr.

Deltakarpris u/overnatting frå laurdag til søndag: 200 kr.

Prisen inkluderer: For dei som overnattar inkluderer prisen fullpensjon med m.a. middag fredag og laurdag. For dei som ikkje overnattar inkluderer prisen kurs og lunsj mm, men ikkje middag.

Reise: Deltakarane (eventuelt lokallaga) må betale reisekostnader.

Fylkeslag: Møre og Romsdal

Påmelding: Til Jens Johan Hyvik (e-post: [email protected], eller telefon 90899194), innan 10. mars 2008. (Dette er absolutt siste frist!)

Anna:

Det er maksimum plass til 20 deltakarar på kurset. Fylkesstyret vil prioritere mellom dei påmelde om det blir fleire enn 20 som melder seg på kurset. Det er ei målsetting at flest mulig lokallag blir representert på kurset.

Deltakarar som ikkje har gjennomført Trinn 1 før må delta på dette på fredag kveld. Deltakarar som har gjennomført Trinn 1 kan delta på Trinn 2 frå laurdag til søndag (sjå program under).

Påmeldinga må innehalde melding om ein melder seg på både Trinn 1 og Trinn 2 (fredag til søndag), eller berre Trinn 2 (laurdag til søndag).

Det er ei målsetting med kurset å utdanne kursleiarar til Trinn 1 kurs i Møre og Romsdal. Dei som deltek på kurset må difor rekne med at dei må halde minst eit Trinn 1 kurs i sitt lokallag eller eit nærliggjande lokallag i løpet av hausten 2008 eller våren 2009.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**