Byggepress på innsjøstrender

Det er ikkje noko spesielt nytt at det har vore og framleis er eit visst lokalt utbyggingspress når det gjeld hytter ved dei mest attraktive innsjøstrendene og langs vassdraga våre, og da serleg på grunn av høgt prisnivå og trangt om plassen ved kysten og på andre tradisjonelle utbyggingsområde, til dømes ved skisentra og andre utfartsområde.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Rakke

I kommunar med populære og ettertrakta innsjøstrender, spesielt i låglandet, men også i fjellet, har ein så langt til ei viss grad klart å ha kontroll med utvikling av uheldig utbygging, takka vere byggegrenser mot vatn og vassdrag. Likevel ser ein at det stadig blir gjeve uakseptable dispensasjonar frå retningsliner og vedtekne planar, noko som er med på å uthole lovar og regelverk.

Når alt nå tyder på at etterspurnaden av hyttetomter ved innlandsvatna vil nå nye høgder, vil det stille store krav til kommunane for å hindre ei ukritisk og uheldig nedbygging av strandsonene der. Erfaringsmessig er det ein del kommunar som ikkje er dyktige nok til å praktisere ei samfunnsmessig, miljømessig og næringsmessig ansvarleg arealforvaltning, mellom anna langs strendene og opp mot fjellet. Uansett vil fagleg og politisk praktisering av regelverk og dispensasjonar frå dette variere alt for mykje frå kommune til kommune.

– Derfor er det prisverdig og nødvendig at Miljøverndepartementet nå vil utarbeide nye, strammare, meir konsekvente og lettare praktiserbare retningsliner for arealforvaltning av innsjøstrendene våre, ved å justere plan- og bygningslovas føringar på dette området, og der det mellom anna blir strengare krav til konsekvensutgreiing.

– Det vil bety ei planmessig forvaltning med eit meir langsiktig og breidare perspektiv enn dei bit for bit-planane som ein alt for ofte har sett til nå.

– Kommunane, som skal ha ansvarskjensle for alt og alle nå og i framtida, bør derfor sjå positivt på å få dette forbetra verktøyet til å handtere den utfordringa det er å forvalte arealressursane på ein best mogleg måte.

Årsmøte i Telemark Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**