Ein trygg skulekvardag er viktig

I Bondevik si samarbeidsregjering var mellom anna både ein god skulepolitikk og tiltak mot mobbing og vald i skulen og i samfunnet elles høgt prioriterte saker, som faktisk blei gjort noko med. Den raud-grøne regjeringa talar og varmt for ein god skule med trygge og gode forhold både der, og også i samfunnet elles.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Men at politiske talemåtar er ein ting og mogleggjering for praktisk handling noko anna, ser me tydeleg nå når regjeringa gjer det vanskeleg eller umogleg for mellom anna i alt 10 skular bare i Telemark å halde fram ordninga med å ha sivilarbeidarar som miljøarbeidarar i skulekvardagen. Dette fordi den økonomiske subsidieringa frå statleg hald til ordninga blir tatt bort. Miljøarbeidaren si rolle i skulen er viktig, fordi all erfaring viser at med positivt ungdommeleg vaksne til stades i skulen, også i fritida utanom undervisninga, vil grobotn for mobbing og valdsepisodar og andre negative ting bli betydeleg svekka, til fordel for eit trygt og inkluderande skulemiljø.

Det hjelper lite i denne samanhengen at statsministeren nå går ut å vil hjelpe dei han kallar skuletaparar ved å innføre spesialundervisning allereie frå 1. klasse..!

Jon Ingebretsen
Leiar i Kviteseid Venstre

Innlegget står også i Varden HER

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**