Styrk psykisk ettervern for norske soldatar

Norske soldatar som kjem heim frå internasjonale fredsbevarande og fredsopprettande operasjonar må få tilbod om tett psykisk oppfølging, for å hindra livsvarige stresskadar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Under tenesta i land som til dømes Afghanistan opplever norske soldatar krigssituasjonar, som menneske ikkje kan unngå å bli påverka av. Styresmaktene har ansvar for at dei får tilbod om hjelp til å takla det dei har opplevd.

Alle soldatar som kjem heim frå Afghanistan må få tilbod om oppfølging for å motverka stresslidingar. Dette tilbodet må vera tilgjengeleg over lengre tid. Oppfølginga må skje i nært samarbeid med veteranorganisasjonar, og andre som har førstehands kjennskap til soldatane sin situasjon. For mannskap som skal halda fram i ein militær karriere er det ekstra viktig at dei får høve til å oppsøkja hjelp utan å vera redd for at dette vil skada den framtidige karrieren deira i Forsvaret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**