Livskraftige bygder!

Medan det er stor vekst og eit aukande press i Bergen og omlandskommunane, slit indre Hordaland med stagnasjon og folketalsnedgang. I augneblinken er nedgongen på meir enn ein prosent årleg. Hordaland Venstre meiner det er på tide å ta heile fylket i bruk og innser at dette krev ein ny politikk.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Hordaland Venstre meinar at busettinga i distrikta best vert sikra gjennom å tilretteleggja for arbeidsplassar, god kommunikasjon og skular og barnehagar i nærmiljøet. Busettinga vert ikkje styrka gjennom innskjerping av bu- og driveplikta slik Regjeringen foreslår i eit høyringsnotat som nyleg er utsendt.

Mange gardsbruk er for små til å leve av. For å få folk til å busette seg i distrikta må det vere rom for anna næringsutvikling i tillegg til landbruk.

Hordaland Venstre går i mot buplikt på utmarkseigedommar.

Det trengs eit meir fleksibelt regelverk, ikkje eit meir detaljert og rigid regelverk!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**