Samling om sikker og miljøvennleg transport

Årsmøtet i Aust-Agder Venstre oppfordrar offentleg sektor og næringslivet i landsdelen om å legge strid om flyplassar til side. I staden bør Sørlandet samle alle krefter om å få nasjonalt gjennomslag for rask utbygging av eit sikkert og miljøvennleg transportsystem på bakken i første del av perioden for ein ny nasjonal transportplan (NTP) Ny E18 mellom Arendal og Tvedestrand bør ha høgste prioritet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

buss saltenbilruter

Foto: Nordlandsbuss AS

Årsmøtet i Aust-Agder Venstre 9. februar 2008
Uttalelse

Samling om sikker og miljøvennleg transport

Årsmøtet i Aust-Agder Venstre oppfordrar offentleg sektor og næringslivet i landsdelen om å legge strid om flyplassar til side. I staden bør Sørlandet samle alle krefter om å få nasjonalt gjennomslag for rask utbygging av eit sikkert og miljøvennleg transportsystem på bakken i første del av perioden for ein ny nasjonal transportplan (NTP). Ny E18 mellom Arendal og Tvedestrand bør ha høgste prioritet.

Klimautfordringane og sikker og rask transport bør vere førande for alle prioriteringar i ein ny NTP. På strekninga frå Sørlandet til Oslo ligg det spesielt godt til rette for å skape eit effektivt og miljøvennleg transportsystem for personar og gods på bakken. Det er på alle måtar ressurssløsing å satse på meir flytransport på korte avstandar i Sør-Norge.

Venstre vil derfor ikkje støtte opp om ei privatfinansiert utbygging av Gullknapp med offentlege følgjeinvesteringar.

Viktige element i ei framtidsretta satsing for sikker og miljøvennleg transport på bakken vil vere:

· Rask utbygging av ny og sikker E18 mellom Arendal og Tvedestrand.
· Stor satsing på E18 som effektivt kollektivakse på Sørlandet, med bedre rutebilbod, god sykkel- og bilparkering ved E18 og sikre tilkøyringsvegar.
· Samordna satsing for styrking av kollektivtilbodet i distrikta, med betre korrespondanse til utfartsårene og byane.
· Samankobling av Vestfold- og Sørlandsbanene.
· Utgreiing av ei ny høgfartsbane mellom Stavanger, Sørlandet og Oslo.
· Auka kapasitet på eksisterande jernbanenett for godstransport.
· Tilrettelegging for sykkel som framkomstmiddel, særleg med utbygging av gang- og sykkelvegar langs trafikkerte vegar der gåande og syklande i dag må bruke vegbanen.

Det elendige flybusstilbodet mellom Arendal og Kjevik har ført til ein sterk auke i bruk av bil til og frå flyplassen. Årsmøtet i Aust-Agder Venstre ber om at fylkeskommunane straks tar initiativ til å få på plass igjen eit godt transporttilbod med eigne flybussar heile dagen.

Vedtatt mot 1 stemme.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**