Barnehage ved Strømmen

Alvdal Venstre drar igang debatt omkring utviklinga av Strømmen-grenda.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Basheim - Strømmen barnehage

Foto: Anders Wahl

Strømmen er sett i fokus som lokalitet for satsing på eit grendesamfunn i kommunen, og har aktive grupper i gang med arbeid for å realisere intensjonen med tiltaket. Det er Alvdal kommune som har pålagt strømingane ansvaret for å skape liv i eiga grend, og dei har takka ja til utfordringa. Utviklingsarbeidet har eit treårsperspektiv, men fleire tiltak har alt no fått konkret substans. I den samanhengen er det både ulogisk og skremmande koretsynt å ta frå grenda barnehagen, slik det er truga med. Venstre må seie frå, utvetydig, at barnehagen ved Strømmen skal bestå som ein av dei tre kommunale barnehagane i bygda.

Ola Jonsmoen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**