Rogaland Venstre følger dermed opp Venstres mangeårige engasjement for personvernet. Venstre var alene om å stille kritiske spørsmål til direktivets innhold i Stortinget våren 2007, les her >> Venstres leder Lars Sponheim har bedt om en avklaring fra samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
På nettet er det mange diskusjoner om datalagringsdirektivet, det er også etablert en egen kampanje for å stanse det fra å bli gjennomført i Norge. Det kan du lese mer om her >>
Her følger hele Rogaland Venstres enstemmige uttalelese:
Stopp omfattande overvakingav telefoni, internett og epost
Rogaland Venstre meiner det er oppsiktsvekkande at regjeringa har akseptert EU sitt omfattande sporingsdirektiv, som fører til at teleoperatørar og internettleverandørar frå 2008 blir pålagt å lagre trafikkdata for all telekommunikasjon i opptil to år.
Direktivet pålegg teleselskapa å lagre informasjon om kven som ringer, kven det blir ringt til, når det blir ringt og kvar det blir ringt frå. Dei same opplysningane skal lagrast for tekstmeldingar. Internettilbydarane får pålegg om å lagre informasjon om involverte IP-adresser, namn og adresse på registrerte nettbrukarar, tidspunkt for innlogging og utlogging, avsendar og mottakar for all e-post, samt geografisk lokalisering. Sjølve innhaldet skal ikkje lagrast.
Rogaland Venstre meiner direktivet er eit alvorleg inngrep i borgarane sin rett til privat kommunikasjon. Me er og skeptiske til at det er private aktørar som blir pålagt forvaltningsansvaret for dei enorme mengdene med sensitive personopplysningar som skal lagrast.
Føremålet med sporingsdirektivet har vorte beskrive som å nedkjempe kriminalitet. Rogaland Venstre er overtydd om at kriminelle vil finne smartare måtar å kommunisere på når direktivet blir implementert. Dermed er det først og fremst dei lovlydige borgarane som blir ramma. Det er og viktig å understreke at politiet i dag har moglegheit til å "fryse" trafikkdata frå mistenkte personar. Å lagre informasjon om kontakt mellom menneske som ikkje er mistenkte for noko – i tilfelle det skjer noko kriminelt i framtida – er eit alvorleg brot med det liberale rettsprinsippet om at ein er "uskuldig inntil det motsette er bevist".
Stoltenberg-regjeringa har i Soria Moria-erklæringa lova ein langt meir aktiv Europapolitikk. Trass i denne lovnaden har regjeringa vore passive tilskodarar til heile prosessen rundt det kontroversielle sporingsdirektivet. Rogaland Venstre meiner det er feil at den norske regjeringa set viktige liberale rettsprinsipp til side og tillet omfattende overvaking av alle borgarane sin e-postkontakt, telefonkontakt og internettbruk.