Hovudsakene på landsmøtet i år er val av sentrale tillitsvalde, debatt om "det liberale og sosiale kunnskapssamfunnet 2020", samt ordinære landsmøtesaker slått fast i Venstre sine vedtekter paragraf 6.
Forslag til program og sakliste for landsmøtet 2008 blir endeleg innstilt av landsstyret i møte 8.-9. mars og deretter sendt ut i organisasjonen.
Vi minner om at forslag til saker som skal behandlast på landsmøtet i høve til Venstre sine vedtekter § 6d skal vere kome inn til landsstyret seinast seks veker før landsmøtet, altså fredag 29.februar. For politiske fråsegner er fristen tre veker før landsmøtet, altså fredag 21.mars.
Forslag til vedtak som kjem inn seinare enn desse fristane kan behandlast av landsmøtet berre dersom landsmøtet vedtek dette med 2/3 fleirtal.
Vi ber om at det rett etter fylkesårsmøta blir sendt namneliste over valde landsmøteutsendingar til VHO v/Trude Kolvik.