-La oss stole på Jan Roger Olsen!

Så lenge sjukehuset i Arendal var sjølvstendig blei det utvikla i takt med dei medisinske framstega og nyvinningane. På mange område markerte sjukehuset seg spesielt sterkt:

· Sjukehuset hadde høg fagleg kompetanse med god spesialistdekking. Talet spesialistar (overlegar) med doktorgradskompetanse låg høgt til eit sentralsjukehus å vere.
· Sjukehuset var kjent for å ha eit godt fagmiljø og det var god søking til stillingar.
· Sjukehuset var nylig utbygd med nye operasjonsstover, ny intensivavdeling, nye røntgenlaboratorier med mer.
· Utstyrsparken var fornya og modernisert
· I dei siste åra som sjølvstendig sjukehus var ASA blitt eit foregangssjukehus også når det gjaldt å ta i bruk ny informasjonsteknologi og var først ute med bl.a. "papirlaus" pasientjournal.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

Jan Kløvstad

Foto: Åsmund Aqissiaq Kløvstad

Av Jan Kløvstad, leiar i Arendal Venstre og medlem av omsorgskomiteen i bystyret

Sjukehusets solide posisjon ved årtusenskiftet var eit resultat av langsiktig planlegging heilt frå fylkets helseplan midt på 1970-talet som slo fast at sjukehuset skulle utviklast til eit fullverdig sentralsjukehus. Seinare blei planane fornya, og ambisjonsnivået var heile tida det same: Folk i Aust-Agder skulle ha eit fullverdig sjukehustilbud. Den nye behandlingsfløyen (E-fløyen) i 2002 var i så måte ein viktig milepæl i sjukehusets utvikling

Statleg overtaking og samanslåing av sjukehus

Frå 1.1.2002 tok staten gjennom regionale helseforetak over ansvaret for drift av sjukehusa. I Agderfylka blei sjukehusverksemda først organisert i 3 helseforetak, og frå 1.1.2003 blei sjukehusa slått saman til Sørlandet sykehus (SSHF). Helse Sør hadde utreda kor mange helseforetak det skulle vere i regionen, og ville halde på modellen med minst eitt helseforetak pr fylke. Det blei likevel gjort eit unnatak for sjukehusa på Sørlandet:

"Sammenslåingen i Agder er begrunnet ut fra hensynet til en mer effektiv kapasitetsutnyttelse mellom sjukehusene i området." (sitat fra Helse Sørs strategiplan)"

Sjukehustilbudet blir utfordra

Sjukehuset i Arendal

Foto: Arendal Venstre

Ut frå den offisielle grunngjevinga for etablering av eitt felles helseforetak for heile Sørlandet, skulle det ikkje vere noen stor grunn for oss austegder til å frykte for det framtidige sjukehustilbudet. Sjukehuset stod sterkt på viktige område da det blei lagt under leiinga i Kristiansand. Dette galdt f eks. bygningsmasse, medisinsk teknisk utstyr, effektivisering av interne rutinar gjennom IKT og på mange område — for eksempel karkirurgi – dei beste medisinske fagmiljøa.

Mange austegder var likevel skeptiske til sjukehusfusjonen. Dei visste at sterke miljø i Kristiansand hadde ergra seg over den store utbygginga og sjukehussatsinga i Arendal. Vi visste også at miljøet på Vest-Agder Sentralsjukehus sin visjon lenge har vore å ha eitt leiande sjukehus i Agder og eit par mindre lokalsjukehus. Det fagleg sterke sjukehuset i Arendal hadde "stått i vegen" for ei slik utvikling. Derfor frykta mange at den eigentlige grunngjevinga for å slå saman ASA og VAS var å bygge opp sjukehuset i Kristiansand på bekostning av tilbudet til austegdene. Skeptikarane såg lenge ut til å få rett:

· I november 2003 blei det kjent at leiinga ved SSHF ville nattestenge akuttmottaket i Arendal. 15000 menneske i fakkeltog måtte til for å stoppe dette.
· Tilbodet til Øre-Nese-Hals-pasientar i Aust-Agder blei kraftig redusert og avdelinga har ikkje lenger akuttberedskap
· Tilbodet ved barneavdelinga er gjentatte gonger forsøkt sommerstengt
· Det karkirurgiske tilbodet blei sentralisert til Kristiansand — til tross for at det beste fagmiljøet var i Arendal

Den einaste viktige vidareutviklinga som har skjedd i Arendal under SSHFs leiing er det nye hjartesenteret (PCI-senteret). Dette hadde neppe kome utan sterkt press og imponerande finansieringshjelp frå sjukehusvenner i Arendal.

La oss tru på Jan Roger Olsen
Dei åpenbare angrepa mot sjukehustilbodet i Aust-Agder har minka i styrke. Adm dir. Jan Roger Olsen seier nå at vi må ha eit sterkt sjukehustilbod i Aust-Agder. La oss tru han på det! Gamalt tankegods frå tidlegare VAS kan etter kvart ha fått mindre gjennomslag hos Jan Roger Olsen enn mange frykta.

Styreleiar Hanne Harlem i Helse Sør-Øst uttalte nyleg at det i lang tid framover vil vere to store sjukehus på Sørlandet. Kanskje er ein også frå styrehald i ferd med å sjå at SSHF ikkje har vore noen suksess?

Nye truslar
Men fortsatt kan vi ikkje rekne med at truslane mot sjukehustilbodet i Aust-Agder er over. La meg her peike på tre viktige truslar:

1: Manglande økonomisk kontroll
SSHF blir drive med stadig større økonomiske underskot. Sparetiltaka som blir iverksett synest ikkje å virke. Underskota auker for kvar ny tertialrapport. Den foreløpige rekneskapsrapporten for 2007 viser eit driftsunderskot på heile 373 millionar kroner. Dette er 213 mill. kr dårlegare enn resultatkravet frå Helse- og omsorgsdepartementet, og 122 mill kr dårlegare enn i 2006..

Ei økonomisk krise kan legitimere mange drastiske tiltak som ut frå faglege eller velferdsmessige kriterier ikkje kan forsvarast. Den økonomiske krisa i SSHF er på kort sikt den største trusselen mot sjukehustilbodet — ikkje berre i Aust-Agder — men på heile Sørlandet.

2: Utarming av fagmiljø
Frå det tidlegare ASA høyrte vi sjeldan om rekrutteringsproblem. I dag les eller høyrer vi stadig oftare om rekrutteringsproblem og slitasje i fagmiljøa. Spesielt ille blir det når avdelingar blir tappa for ressursar ved hjelp av rekrutteringstillegg for søkarar frå Arendal som vil til Kristiansand.

Stadige sparetiltak, manglande styring og kiving med andre miljø slit på motivasjonen og forsurar arbeidsmiljøet. Får dette virke lenge nok, står vi i fare for at sjukehustilbodet blir brote ned innanfrå.

3: Mangel på visjonar og langsiktig planlegging

Sjukehustilbodet i Aust-Agder er eit resultat av klare mål og langsiktig planlegging. Dei ulike miljøa kunne nok ha forskjellige oppfatningar og prioriteringar, men alle var opptatt av å skape eit godt sjukehustilbod til pasientane.

Skal vi på sikt fortsatt ha eit fullverdig sjukehus i Aust-Agder må denne langsiktige planlegginga og utviklinga av sjukehuset fortsette. Medisinske framsteg og endringar i levealder og sjukdomspanorama tilseier at det må skje ei stadig videreutvikling av sjukehustilbodet. Det er ikkje nok å bevare dei tilboda som alt finst. I dag er den kortsiktige situasjonen så krevande at langsiktig planlegging truleg har lite fokus. Det er fare for at vi står stille — og da blir vi raskt akterutseilt!

Treng vi Sørlandet Sykehus HF?

Etter 5 år bør det nå vere på tide å stille spørsmålet om konstruksjonen SSHF er eit eigna "verktøy" for sjukehustilbudet på Sørlandet.

Den interne funksjonsfordelinga og samarbeidet mellom sjukehusa som skulle gi betre ressursutnytting, synest det å ha blitt lite av. Målet for samanslåinga – "en effektiv kapasitetsutnyttelse"- synest i liten grad nådd.

Mens vi tidlegare hadde sjukehus både i Kristiansand og Arendal med høg produktivitet i nasjonal samanheng, ser vi nå eit helseforetak som synest å ha mista kontrollen over økonomien. Vi må dessverre rekne med at sjukehuseigar og styresmaktene med pengesekken ikkje vil kunne leve med dette særleg lenge. Nedskjeringar må kome. Eg er overbevist om at desse nedskjeringane vil bli takla best dersom kvart av sjukehusa må ta ansvaret for sin del av underskotet og for pasienttilbodet i kvart sitt fylke. Når det gjeld spissfunksjonar som blir for kostbare ved begge sjukehusa, må Helse Sør-Øst sørge for ein rimeleg og fagleg fundert oppgåvefordeling mellom dei to sjukehusa.

Da kan vi avslutte eksperimentet SSHF, og sjukehusleiing og fagmiljø kan igjen konsentrere seg om å levere gode sjukehustjenester til dei som treng det.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**