Seismikkaktiviteten må ta omsyn til fiskerinæringa

Pressemelding frå Venstre si stortingsgruppe v/ Gunvald Ludvigsen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


– No må Regjeringa leggje klare politiske føringar for korleis dei vil forvalte havressursane. Skal fiskerinæringa ta omsyn til oljenæringa eller skal oljenæringa ta omsyn til fiskerinæringa, spør Gunvald Ludvigsen frå Venstre. Ludvigsen viser til saka kor Sogn og Fjordane Fiskarlag har meldt seismikkfarty til politiet på bakgrunn av fleire konfliktar mellom seismikkfarty og fiskefarty.

Konflikten i Sogn og Fjordane er dessverre ikkje eineståande. Før jul engasjerte Venstre seg i ein konflikt mellom olje- og fiskerinæringa i Barentshavet, kor Oljedirektoratet (OD) hadde gitt utvida løyve til å drive med seismikk i eit område der torsken hadde gytevandring. Venstre spurte statsråden om den seismiske skytinga i Barentshavet er i tråd med Forvaltningsplanen, og fekk til svar at Oljedirektoratet hadde utvida tillatelsen mot Fiskeridirektoratet sin vilje.

– Dette viser ein defansiv Fiskeri- og kystminister som blir overstyrt av OD. Hadde Helga Pedersen slost for fiskerinæringa sine interesser i Regjeringa, ville Oljedirektoratet aldri gitt eit utvida løyve i Barentshavet og Sogn og Fjordane Fiskarlag hadde sloppe å melde seismikkfarty til politiet, fortset Gunvald Ludvigsen.

Fiskeridirektoratet og Oljedirektoratet, har med bakgrunn i ein generell auke i seismikkaktiviteten på norsk sokkel, sett i gong eit arbeid for å gå igjennom gjeldande regelverk. Formålet med arbeidet er å ha reglar som er mest mogeleg formålstenlege for alle partar og som ikkje opnar for tolkingsspørsmål. Gruppa skal levere rapporten sin 1.april 2008.

– Petroleumsaktivitet må skje innanfor økosystemet sine rammer og i sameksistens med andre næringar. Likevel vil eg hevde at denne gruppa kunne spart seg for arbeidet, hadde ein hatt ein Fiskeri- og kystminister som hadde krevd at fiskerinæringa ikkje blei berørd av seismisk aktivitet, avsluttar Ludvigsen.

For mer informasjon, ta kontakt med Gunvald Ludvigsen eller politisk rådgiver Martha Hagerup Nilson tlf 97 17 13 10.

Mvh

Martha Hagerup Nilson
Politisk rådgiver, Venstres Stortingsgruppe
Tlf 97 17 13 10/ 23 31 23 69

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**