Færøyske Tórshavn styrkar gratisbussen

I dag, 4. februar, utvidar den færøyske hovudstaden Tórshavn gratisbusstilbodet sitt. Forsøket starta 1. januar 2007, og nå i dag skal bussane gå tre gonger i timen, mot to gonger i timen det første året.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Passasjertalet aukar stadig, og det er eits amrøystes bystyre som nå utvidar ordninga.

Færøysk radio har omtalt styrkinga av tilbodet på heimesidene sine her.

Også Mariehamn på Åland har gratis bybuss, og Venstre i Arendal har forslått at kommunen, fylkeskommunen og fagfolk lagar eit froslag til tilsvarande ordning i Arendal frå 2009. Venstres mål er å redusere eksosutslippet, få folk raskare fram og tilbake til arbedidog redusere trafikkulykkene. Forslaget handlar foreløpig om gratisbuss i rushtidene morgon og ettermiddag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**