Avgjerda om nedlegging av skular i Voss utsett

I Info.brev nr. 2/08 frå Voss Venstre, er debatten i januar om skule- og barnehagenedleggingar det sentrale. Etter kvart blei usemja både mellom partia, og innad i einskilde parti, meir tydeleg. Det enda med at kommunestyret 31.jan. vedtok å senda ulike forslag ut til høyring, med frist 25. febr. Saka kjem så opp til endeleg avgjerd i møtet 3. april.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


INFO.BREV NR. 2/08
Skulestruktur har vore det mest sentrale for politikarane i Voss no i januar!

Som kjent vedtok fleirtalet i kommunestyret (KST) under 08-budsjettet at 4.7 mill. skulle dekkjast inn gjennom strukturendringar i skule og barnehage. (Venstre sitt budsjettframlegg føresette ikkje dette, og sa elles at strukturendringar skulle behandlast som eigne saker, og etter utgreiingar der også nye foreldrefråsegner var med.) 4.7 mill-saka skulle drøftast i ei arbeidsgruppe, og med sikte på endeleg vedtak i KST 31. jan..

Gruppa hadde berre 2 møte; 20. des. og 8.jan.. Ein drøfta framlegga i ei utgreiing frå 06,og rådmannen sitt budsjettforslag (som i stor grad bygde på dette) Det nye var at AP tok fram att sin "store tanke" for nokre år sidan, om ny ungdomsskule på Tvildemoen, der også elevane frå Vossestrand og Evanger skulle gå. Noverande — nyoppussa — uungdomsskule skal nyttast til barneskule for elevane frå Vangen, Gullfjordungen, Gjernes og Bordalen kretsar. I tillegg nedlegging av Bordalen, Oppheim, Myrkdalen og Kløve skular og barnehagane på Kyte, i Raundalen (til Kløve) , Myrkdalen og Hauge (til Oppheim).

H støtta dette, og Sp og Frp hadde ikkje innvendingar i arbeidsgruppa. Etter kvart vakna SV (som var med på budsjettvedtaket i KST før jul), og i formannskapet (FPL) den 24.jan. gjekk V og SV saman om eit framlegg som gjekk mot endringar i skulestrukturen i haust, og som ville ha tilleggsutgreiingar på ymse punkt. Frp hengde seg så på dette. Rådmannen sitt framlegg hadde no med ny u.skule på Tvildemoen. Dette støtta då sjølvsagt Ap, og dessutan H. Men både Ap og SP støtta no u.skule på Sundve – men føresette stadig at ungdomsskuleelevar frå Evanger skal til Vangen. . Venstre har så langt berre gått ut med standpunkt om ungdomsskulane m.v., dvs. ikkje ny på Tvildemoen, og framleis ungdomssteg på Vossestrand og Evanger.

Tilrådinga frå FPL var elles at alle framlegga skulle ut på høyring, med endeleg vedtak i KST 3.april. Dette vedtok KST 31. jan. — der det var relativt lite debatt (ingen tok ordet frå SP, H og Frp!) Derimot var foreldreengasjementet i framkant av møtet stort, med plakatar mv. mellom ca. 100 personar -i eit ufyseleg ver! Sjå elles "Hordaland" for 2.febr..

Stort frammøte og engasjement var det også på folkemøta på Palmafossen 17., Sundve 23. og Evanger 30.jan..Torstein møtte på dei 2 første, Anne Jorunn på det siste. Vi hadde eigentleg rimeleg greie standpunkt å framføra!

Etter ein litt tilspissa debatt om Tunshovden som gravplass, vedtok KST — mot røystene til SV og KrF – eit fellesframlegg frå V, Ap, H og Frp om å utsetja avgjerda til 3. april, og at ulike alternativ skulle vurderast på nytt, med kostnadskalkylar. (Venstre sitt primære framlegg var nei til gravplass der!)

Førstegangsbehandlinga av reguleringsplan for Voss handelshus (Geitleslakteriet) på Palmafossen blei i FPL-møtet 24.01 utsett til 7. feb. — med synfaring. Riving av Enkjeheimen blei også utsett, og der eigar; Voss bustadutvikling, blir beden om å koma med nærmare utgreiing om konsekvensane av ikkje-riving m.v. . Her var Venstre sitt framlegg å leggja ned byggje- og deleforbund mens ny reguleringsplan — for å få bygningen verna — blir utarbeidd.

Dei andre hovudutvala har også hatt møte no i januar. Og då "Hordaland" for tida har relativt lite frå desse utvalsmøta, skal vi kort nemna nokre av sakene:
Utval for miljø og kultur (MKU), 24. januar (Snakk med Anne Jorunn Ryum Møen):
Vedlikehald av Hodnabergvegen (utsett), søknad om endring av forskrift om hundehald, mellombels øvingsområde for snøscooterar, prioritering av anlegg for spelemidlar (lang — lang liste!), rullering av klima- og energiplan (til FPL 7. febr.)
Utval for nærings- og tiltaksarbeid (NTA), 29 jan. (Snakk med Rigmor Onarheim)
Mange konsesjonssaker, orientering om "Destinasjon Voss".
Utval for levekår (LEV), 15. jan. (Venstre har her berre varamedl.; Annlaug Helland)
Synfaring barnehagar, skular og omsorgstun på Vossestrand., sluttrapport for "Prosjekt entreprenørskap", delegert vedtak om skulerute til administrasjonen, avgjort at tal medlemer i pensjonistlaga avgjer kven som får ein av 6 medlemer i Voss eldreråd.)
I neste møte, 7. febr. skal LEV på synfaring i barnehagar og skular på Bolstad, Evanger og Bulken, og aldersheimen på Evanger.

Elles finn du – som kjent —meir om dei politiske sakene, inkl. V-framlegg m.v., på heimeisda til Voss kommune, under "Politisk" og så "Politiske saker".

Venstre hadde styremøte 15.jan.der ein i hovudsak planla årsmøtet i Voss Venstre. I gruppe- og styremøte 22. jan. var det i hovudsak dei førenemnde sakene til FPL og KST som blei drøfta.

Årsmøte vert 20. februar kl 19.30. Ordførar Mona Hellesnes er invitert til årsmøtet, og har takka ja. Ynskjer du å melda inn ei eller fleire sak(er) til årsmøtet, må den sendast til leiaren innan 10.februar. Meir info om årsmøtet kjem i eigen e-post

Beste helsing

Torstein Gunnarson Kristian Østrem
gruppeleiar kommunestyret leiar Voss Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**