Alvorleg feilinformasjon til driftsstyret om prestebustad

Venstres gruppeleiar Jan Kløvstad har sendt brev til ordførar Torill Rolstad Larsen og bedt henne finne forklaringa på at

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


driftsstyret 31. januar hadde ein langvarig debatt om det ville vere klokt å bygge om eller selje prestebustaden i Barbu. Barbu får ny prest, og Venstre var opptatt av å finne ei løysing som er god for presten. Mellom alternativa var å pusse opp innanfor vanleg driftsbudsjett, eller kanskje selje heile huset og la den nye presten kjøpe sitt eige hus. Å eige huset vi bur i gir den absolutt beste privatøkonomien, og mange prestar er plaga med høge leigeutgifter som yrkesaktiv og så dyre huskjøp ved oppnådd pensjonsalder.

Men så viste det seg, i Arendals Tidende laurdag, at oppussinga alt var igang, at presten hadde selt sitt eige hus og er på veg til å flytte inn! Presten har handla heilt korrekt. Men kva har kommuneadministrasjonen gjort?

Det skulle vere heilt unødvendig å utsette ein nytilsett prest for ei slik sak, som ho absolutt ikkje har noe ansvar for.

Venstre har derfor bedt ordføraren finne ut kva som har skjedd, fordi vi vil ha rutiner som gjer at vi ikkje får slike saker seinare.

Les Arendals Tidende om saka her.

Og samtidig vil Venstre ønske presten hjarteleg velkomen til Barbu!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**