Venstre vil bruke Kystvaktskip som stemmelokale

PRESSEMELDING FRA VENSTRE SI STORTINGSGRUPPE
Stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


På oppfordring frå Møre og Romsdal Fiskarlag tok Venstre initiativ til å spørje kommunal- og regionalministeren om å utgreie ordningar som mogeleggjer at fiskarar og andre som på grunn av yrket sitt er borte i tida for førehandsstemming, får høve til å stemme seier Gunvald Ludvigsen.

Venstre tok til orde for å sjå nærmare på utvida stemmetid, høve for å bruke Kystvaktskip som vallokale og bruk av elektronisk røysting. Under den ordinære spørjetimen på Stortinget 30.01.08 fekk Venstre positiv respons frå kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

– Det å få høve til å stemme er ein borgarrett og ei borgarplikt, og det er grunnleggjande i eit demokrati. Difor må vi halde fast på og leggje tilhøva til rette for at så mange som mogeleg kan få brukt stemmeretten sin, fortset Gunvald Ludvigsen.

– At statsråden var så positiv til Venstre sine initiativ, tek vi som ein førebels siger og vi vonar ei betre løysing er på plass til neste val, avsluttar Gunvald Ludvigsen.

Gunvald Ludvigsen er tilgjengelig på telefon 92 056 081

Mvh

Martha Hagerup Nilson
Politisk rådgiver, Venstres stortingsgruppe
Tlf 23 31 23 69/97 17 13 10

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**