Nei til bompengar er å akseptere dødsulykker

30 års erfaring har lært oss at dei som er villige til lokal medfinansiering i form av bompengar eller meir moderne metodar, dei får ny veg. Det er forklaringa på ny E18 Grimstad-Kristiansand, E18 Akland-Sannidal i to etappar, E18 i nordre Vestfold, dei mange tunnelane vestpå, tunnelane under Oslo og alle andre stader, skriv Jan Kløvstad i ein kommentar til Thorbjørn Andersen, FrP, og hans kraftige utfall i Stortinget om E18 mellom Arendal og Tvedestrand.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

B. Tenden og T. Moen på E18 ved Skålandsveien

Foto: Line Mørch

På bildet ser vi Venstres nestleiar Borghild Tenden i samtale med Tore Moen som kjempar hardt for gang- og sykkelveg langs E18 mellom Lillevåje og Goderstad.

I dei delane av landet der ropet om nei, nei, nei til eigenfinansiering er høgast har det ikkje kome nye vegar. I nordre Vestfold var det i gjennomsnitt 6 dødsulykker kvart år mellom 1975 og 2000, da nyvegen med bompengar kom. Etter år 2000 har det berre vore ei einaste dødsulykke på den nye E18 i nordre Vestfold, og det var ei rusulykke. På den gamle vegen (tidlegare E18) har det ikkje vore ei einste alvorleg ulykke sidan nyvegen kom.

Konklusjonen er dessverre klar: Nei til bompengar er å akseptere dødsulykker. Ja til bompengar (eller meir moderne metodar) er eit kraftig og ansvarleg JA til liv, helse, miljø og trygge vegar.

Jan Kløvstad
leiar i Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**