Sterk trafikkauke på E18

Vegvesenet har talt trafikken på E18 med jamne mellomrom, og har nå også starta fast telling ved Longum i Austre Moland. Eit oversyn viser sterk auke. Dette må vere viktig i det vidare arbeidet for ein trygg og miljøvennleg E18, seier gruppeleiar Jan Kløvstad i Arendal Venstre. Tala under

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


er frå 2006, og tal frå Vinterkjær kan tyde på at vi kan legge til 10% på tala frå Austre Moland og Fiane under her.I tillegg kjem det problemet at kvart femte eller sjette køyretøy er tungtrafikk. Fleire av desse store bilane har heller dårlege dekk vinterstid, blir det meldt frå kontrollar.

E18 Haslestad

Foto: Jan Kløvstad

Også denne helga var det ei tragisk dødsulykke på E18 mellom Arendal og Tvedestrand. Ei slik ulykke kunne vore unngått, om vi hadde hatt midtdeler. I Nordre Vestfold kom den nye vegen mellom Kopstad og litt nord for Sande i 2000. Før den vegen med fire felt og midtdeler var det i gjennomsnitt 6 dødsulykker i året. Etter at den nye vegen kom, har det vore ei einaste ulykke, etter køyring i rus. På den gamle ulykeksvegen gjennom Holmestrand har det ikkje vore ei einaste alvorleg ulykke sidan nye E18 kom.


Det er dette vi arbeider for også mellom Arendal og Tvedestrand. Vi vil redde liv.

Her er ein e-post frå Statens Vegvesen til Arendal Venstre i dag, 29. januar:

“Vi har tellinger fra 2006 på strekningen, årsdøgntrafikk, sommerdøgntrafikk og julidøgntrafikk

Sted ÅDT – SDT – JDT

Fiane 9299 – 11605 – 12423

Brekka 8640 – 11024 – 11969

Stølen 10818 – 13872 – 14944

Ved et kontinuerlig tellepunkt på E-18 ved Vinterkjær har vi registrert en økning fra 2006 til 2007 på 5,7 %.

Vi kan nok bruke det samme tallet for å finne tall for 2007 på de andre stedene.

Vi har nå opprettet et nytt kontinuerlig tellepunkt ved Longum, men vi vil ikke få sikre tall der før ved utløpet av 2008.”

Sjå også artikkelen under, bygt på innlegg i Arendal bystyre i oktober:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**